Hjem
Click

Ansattsider

Nyheter

Nye dekanar

Etter valg og tilsettingsprosessar er det beslutta kven som skal ta over som nye dekanar ved Universitetet i Bergen.

museplass.jpg

Museplass i retning naturhistorisk museum
NYE DEKANAR: Universitetet i Bergen har valgt og tilsett nye dekanar ved seks av sju fakultet.
Foto:
Marianne Røsvik, UiB

Det er no avklart kven som skal leie fakulteta dei neste fire åra. 

Dette er dei nye dekanane:

Det psykologiske fakultetet: Bente Wold

Det humanistiske fakultet: Jørgen Sejersted

Det samfunnsvitenskapelige fakultet: Jan Erik Askildsen

Det juridiske fakultet: Karl Harald Søvig

Det matematisk-naturvitenskaelige fakultet: Helge Dahle 

Det medisinske fakultet: Per Bakke

Fakultet for kunst, musikk og design: Frode Thorsen

Fordi rekrutteringsmodellen er ulik på ulike fakultet, blir fem av dekanane valde, mens det ved Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet og Det medisinske fakultet er tilsett dekan av Universitetsstyret gjennom ein tilsettingsprosess.

På Det humanistiske fakultet, Det samfunnsvitenskaplege fakultet, Det juridiske fakultet og Fakultet for kunst, musikk og design var det berre éin kandidat til kvar av stillingane. Sakene gjekk då rett til fakultetsstyret, uten at val blei arrangert. Kandidatane trong minst 50 prosent av stemmene for å bli vald, noko alle fekk.

På Det psykologiske fakultet vart det valkamp mellom Bente Wold og Jarle Eid, kor Wold enda opp med å vinna valet.

Fireårsperioden for dei nye dekanane går frå 2017-2021.