Hjem

Ansattsider

Nyheter

Minnestund og kondolanse

Universitetet i Bergen vil førstkomande torsdag halde minnestund i høve Ommund Veim Eikje sin bortgang. Utvekslingsstudenten frå Rogaland vart funnen død i Frankrike sist veke.

ommundeikje.jpg

Savnet student
Foto:
Privat

Eikje (22) studerte ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske  studier ved Universitetet i Bergen og var på utvekslingsopphold i Avignon i Frankrike då familien meldte han sakna. Den 21.september vart han funnen omkomen etter det som etter alt å dømme er ei tragisk ulukke.

I samband med Ommund Veim Eikje sin bortgang er det no lagt ut ein kondolanseprotokoll i 2.etasje på HF-bygget ved inngang til rom 287-269.

Kondolanseprotokollen er tilgjengeleg her fram til og med fredag 29. september om ettermiddagen.

UiB ønskjer alle velkomne til ei minnestund for Ommund torsdag 28.september, klokka 12.30 i Auditorium B, Sydneshaugen skole.

Minnestunda er open for alle.