Hjem

Ansattsider

Digitalisering

Velkomen til Digital myldredag den 4. oktober!

Tre av dei mange prosjekta på UiB sin digitale myldredag forklarar kvifor du må ta turen til Grieghallen.

Grieghallen

Universitetet i Bergen samarbeider med Festspillene for to uker med musikk,...
Grieghallen vert åstad for den digitale myldredagen.
Foto:
Paul-Erik Lillholm

Til digital myldredag inviterast alle UiB-tilsette til å ta ein nærare kikk på dei mange digitale prosjekta til universitetet. Digitalisering er eit viktig satsing for UiB, og å få eit overblikk over kva som hender kan vere både til inspirasjon og opplysning.

Myldredagen foregår i Grieghallen den 4. oktober, frå klokka 09.00 til 15.30. Gjennom dagen kan du stikke innom i alt 20 stands, med prosjekt som strekker seg frå spesifikke prosjekt og større infrastrukturar, til lærings- og formidlingsverktøy og nye undervisningsformer, frå nye verktøy for administrasjonen, til ein digital vevstol!

I tillegg vil det bli haldt ein serie med vitskaplege innlegg frå scena i andre etasje, som også blir streama på nett, og det blir gode moglegheiter til å prøve ulike verktøy og mingle med kollegaer gjennom heile dagen.

Du kan sjå heile programmet her, og melde di interesse om du tenkjer å kome.

Grind.no – ta med Kulturhistorisk og Naturhistorisk vegbok i lomma!

– Hordaland sit på ein kunnskapsskatt som no er gjort digitalt tilgjengeleg – Grind.no er UiBs digitale, populærvitskaplege kunnskapsportal. Kulturhistorisk og Naturhistorisk vegbok formidlar kunnskap om landskap, livsmiljø og historia om Hordaland som ingen andre fylke har, forfatta av fagfolk frå ulike fagmiljø, hovudsakleg frå UiB, seier Jo Høyer, utviklar i Grind og rådgjevar ved Universitetsmuseet i Bergen. 

– Stoff og design frå bøkene er no tilpassa i digital funksjonalitet der du ved kart og ikon kan hente fram lokaliteter; historier, beskrivingar av landskapets natur og kultur, ein følgjesven som kan bli med i landskapet for å oppleve, og få meir kunnskap.

På den digitale myldredagen skal dei vise kor enkelt det er å hente fram kunnskapsstoff av høg kvalitet, som fortel om vår natur, historie, kultur og identitet.

– Alle som er interesserte og kunnskapstørste kan ha glede av Grind, både på og utenfor UiB, seier Høyer som meiner grind.no er noko for veldig mange.

Hordalendingar og vestlendingar, skuleelevar og studentar, lærarar gjennom utprøvingar av skuleprosjekt basert på Grind, turistar og tilreisande – også i den engelskspråklege delen av prosjektet – samt journalistar og kultur- og naturformidlarar.

Profildoktorane – hjelper forskarar å bli meir synlege

Gjennom BOA-teamet tilbyr Universitetsbiblioteket ei støtteteneste som hjelper forskarar å byggje opp gode digitale profilar. På Digital myldredag skal profildoktorane ta pulsen på forskarar si digitale tilstand.

– Vi finn ut kor mange av dine publikasjonar som er fanga opp i dei eksisterande systema og publiseringsdatabasane, seier Susanne Mikki, som saman med Marta Zygmuntowska skal vise kva som kan gjerast for å gjere akademikarar meir synlege.

– Identifisering og gjenfinning er ein viktig del i akademia. Har du ei namnefelle er det vanskeleg å skilje di forsking frå andres om du ikkje har oppretta din profil, seier Mikki, som anbefalar alle tilsette, men især forskarar å kome innom for ein rutinesjekk.

Der kan dei vise eksisterende statistikk om deg i dei mange eksisterande systema, vise korleis ein opprettar og vedlikehalder profilar. Mikki meiner at eigeninnsatsen er liten, men effektfull.

– Profilane byggast til dels av systema sjølv, utan forskarane sitt medvit. Vi meiner det er viktig forskaren tek kontroll, verifiserar eller redigerar informasjon om si eiga identitet og virke.

Gliderprosjektet NACO – polarforskarar frå sofakroken

På Geofysisk institutt held blant anna NACO til – North Atlantic Current Observatory – eit infrastrukturprosjekt støtta av Norsk Forskningsråd, i partnerskap med Runde Miljøsenter og Havforskningsinstituttet. Det stiller gliderar, undervassdroner som opererar automatisk, til rådigheit for forskning.

– Gliderar samlar observasjonar om straum, salt, oksygen og anna, ned til 1000 meters djup. Vi har nettopp avslutta eit tokt i Lofotbassenget, seier senioringeniør Idar Hessevik ved Geofysisk institutt.

Slike gliderar er rundt 2 meter lange, pluss antenna, og glir gjennom havet utan bruk av propell. På digital myldredag skal dei vise fram maskinene, og korleis maskinene styrast og blir kommunisert. Hessevik meiner det er interessant for alle som likar droner og automatiserte prosessar.

– Den generelle trenden går frå punktobservasjonar der forskarar må vere med, til at vi styrer og sender observasjonsplattformar ut. Dette gjer til at vi kan bli polarforskarar frå sofakroken, men det er også billegare og meir effektivt enn forskingsskipa.

Hessevik er blant dei mange som viser fram prosjekta sine den 4. oktober.