Velkommen til opning av det akademiske året!

Nyhet
27.06.2013
Tysdag 13. august blir ein hendingsrik dag for alle tilsette, nye og gamle studentar, for då blir den offisielle opninga av det akademiske året arrangert.

Universitetet inviterer til ein dag som kombinerer tradisjon med informasjon, talar, pomp og prakt, musikk, mat og Studenttorg.

Velkomstseremonien blir arrangert på Muséplass, midt i hjartet av det tradisjonsrike og ærverdige Universitetet i Bergen, med Dei naturhistoriske samlingar i Bergen som naturleg kulisse.

Tid og sted:

13. august kl. 13.00 - 14.00 på Muséplass

Program

  • Akademisk prosesjon
  • Tale ved rektor Dag Rune Olsen
  • Studentersangforeningen og Arme Riddere syng høgtidsstemt korsong
  • Tale ved leiar av Studentparlamentet Bjørn Kristian Danbolt
  • Gjestetaler - Overraskelse!
  • Bart Clavier spelar Mangokyss
  • Velkomsthilsen frå Bergen
  • Prosesjon og fanfare

Velkommen!

Meir detaljar, og oppdatert informasjon.