Hjem
Kommunikasjonsavdelingen
Artikkelen er tidligere publisert i Hubro 2/2009

Gud eller Darwin?

I Darwin-året 2009 kjempar framleis sterke religiøse krefter for retten til å meine at evolusjon ikkje finst. Korleis kom biologifaget til å bli ei så stor hindring for gudstrua?

Hovedinnhold

 

TEKST: Kjerstin Gjengedal

Opp gjennom historia har tilhøvet mellom religion og vitskap forandra seg mykje. Ein vitskapsmann frå seinmiddelalderen villebli overraska over å høyre at vitskapen i våre dagar skulle vere eit trugsmål mot gudstrua. På den tida var alle kreasjonistar, på den måten at alle kristne tok for gjeve at jorda og livet var skapt av Gud. Vedundera i naturen vart tekne som prov på Guds allmakt, og gjennom å studere skaparverket, kunne mennesket lære Gud betre å kjenne. Etter kvart førte arbeida til vitskapsmenn som Newton, og seinare Darwin, til at Gud fekk ei meir tilbaketrekt rolle. Han var ikkje lenger nødvendig for å forklare mange av dei prosessane somgår føre seg i naturen og i universet.

 

Darwin punkterte gudsbeviset

– Stiller ein seg på kyrkjetrappa og spør folk kvifor dei trur at det finst ein Gud, får ein i hovudsak to typar svar. For det første har ein dei som har hatt ei personleg oppleving. Dei kan ha blitt friske av ein alvorleg sjukdom, eller fått ei spesiell kjensle av at Gud er nær. For det andre har ein dei som aldri har opplevd noko slikt, men som likevel kan sjå på alt det flotte som finst i naturen og få kjensla av at det må stå ein Gud bak. På 1500-talet var dette eit heilt tilstrekkeleg gudsbevis. Problemet med Darwin er at han gav ei ikkje-religiøs forklaring på korleis livet kunne bli til, og dermed punkterte han dette gudsbeviset. Det er dette gudsbeviset kreasjonistane i Europa kjempar for å få ha i fred, medan dei amerikanske kreasjonistane heller slåst mot den generelle samfunnsutviklinga, forklarer professor i biologi, Jarl Giske.

I dag er kreasjonismen, saman med den avleggaren som blir kalla intelligent design, først og fremst eit amerikansk fenomen. Kreasjonismen kan knytast til fundamentalistisk, protestantisk kristendom, som medfører ei bokstavleg lesing av Bibelen. I 1910 vedtok generalforsamlinga i den presbyterianske kyrkja i USA nokre fundamentale prinsipp, mellom anna at Bibelen er ufeilbarleg, og dermed også den bibelske presentasjonen av skapinga.

 

Skil mellom evolusjon og darwinisme

Sjølv om fleire europeiske land dei siste åra har opplevd konflikter kring evolusjonen sin plass i skulen, er kreasjonismerørsla framleis eit marginalt fenomen her. Giske trur dei fleste europeiske kristne meiner evolusjon er greitt, så lenge ein gjer rom for Gud i prosessen.

- Eg oppfattar det som dei fleste kreasjonistar i Europa går med på at jorda er gammal, og at livet har utvikla seg. Men dei meiner det er Gud, og ikkje det naturlege utvalet, som står bak utviklinga. Difor vert skytset retta mot «darwinismen» og dei som i dag skriv og talar for denne teorien.

I USA tilhøyrer kreasjonistane i hovudsak kyrkjesamfunn som står for ein sosial konservatisme, der kampen mot avkristninga av samfunnet er ei viktig sak. Frå ein slik ståstad blir ei skapingsberetning som ikkje inkluderer Gud, lett til eit våpen i handa på motstandaren. Det gjer evolusjonsteorien likestilt med ateisme, som igjen fører til at sekularisering og vondskap får gripe om seg i samfunnet. Mange kreasjonistar hevdar at evolusjonsteorien bryt ned respekten for Gud sin verdsorden, og å akseptere ein slik teori vil seie å akseptere ei verd utan moral, der egoisme og anarki blir belønna. Eksempel på tema er kvinnefrigjering, ekteskapsoppløysing, abort og homofili, men mange kreasjonistar hevdar også at darwinismen har skulda for fascismen, nazismen og kommunismen.

 

Dei nye ateistane

– Tilhengarane av evolusjon har nesten alltid stått på den liberale sida i politikken, og det gav eit signal om at dei som trudde på evolusjon, hadde andre verdiar. I byrjinga var det nok mange som brukte evolusjonsteorien til å legitimere eit opprør det beståande, trur Giske.

Det er altså ei vanleg oppfatting at evolusjonsteorien og religiøs tru ikkje går i hop. Oppfattinga er blitt styrka av rørsla som blir kalla «dei nye ateistane», der biologen Richard Dawkins er ein hovudfigur. Frå å ha skrive populærvitskaplege bøker om biologi der religion ikkje spelte noka stor rolle, er han dei seinare åra blitt kjend for å hevde at religion er irrasjonelt, og at biologisk kunnskap nødvendigvis vil leie til ateisme. Omslaget kom etter 11. september 2001: Dawkins meinte at hans eigen og andre sin misforståtte respekt for religionar hadde vore med på å legge grunnlaget for at handlingar som terroråtaket i New York kunne bli utført i religionens namn. No måtte silkehanskane av, meinte Dawkins. Dermed er frontane mellom dei to fløyane ateistar og kreasjonistar blitt enno meir skjerpa.

 

Teologar for evolusjon

Samstundes har det store fleirtalet av kristne i den vestlege verda problem med å forstå konflikta. Pave Benedikt 16. uttalte i 2007 det ikkje var nokon motsetnad mellom evolusjon og gudstru, fordi evolusjonsteorien berre kan beskrive kva som skjer i naturen. Den er utan svar på dei store filosofiske spørsmåla om tilveret, og der er her religionen har si rolle. I USA har nær 12 000 prestar signert eit brev der dei hevdar at Bibelen må forståast som ei kjelde til religiøs innsikt, og ikkje til vitskapleg informasjon, og at evolusjonsteorien dermed ikkje står i vegen for ei kristen tru. Jarl Giske stadfestar dette inntrykket:

– Eg kjenner ikkje til nokon norsk teolog som meiner evolusjonsteorien er eit problem. Dei som meiner det, tilhøyrer helst lågkyrkjelege miljø der Bibelen blir lese bokstavleg. I USA er det derimot fleire kreasjonistar som tilhøyrer den ypperste intellektuelle eliten, og difor er det vanskeleg å forstå at dei sjølve trur på mange av påstandane dei set fram om evolusjonen. Ein kan berre gå ut ifrå at det er den bokstavtru gudstrua til amerikanarane som står på spel for dei, og det samfunnsynet dei trekker ut av dette bibelsynet.

Artikkelen er tidligere publisert i Hubro 2/2009

Dokumenter