Nyhet fra På Høyden
06.04.2009

Jordskjelvforskaren

Møt den nyvalde viserektoren for utdanning. Han er professor i seismologi og heiter Kuvvet Atakan.

Les også: Fire nye år for rektor Sigmund Grønmo

Kuvvet Atakan fordjupar seg ikkje berre i grunnforsking kring jordskjelv. Han er like oppteken av dei samfunnsmessige konsekvansane av naturfenomenet og praktisk nytte av grunnforskinga. Frå august vert fokuset endå breiare. Då ventar jobben som viserektor for utdanning.

– Kva er dine faglege interesser?

– Eg arbeider med forsking innan seismologi. Dette har vore mitt felt heilt sidan eg tok doktorgrad. Eg er oppteken av deformasjonsprosessar i jordskorpa og enkelte forkastningssystem, og å kople dette til jordskjelvfenomenet. Like oppteken er eg av konsekvensane av og risikoen for jordskjelv. Dermed dekker dei faglege interessene mine eigentleg eit breidtt spekter, frå den nysgjerrigheitsdrivne grunnforskinga der vi prøver å forstå jordskjelv til den anvendte forskinga, der vi også kjem borti dei samfunnsmessige konsekvensane med tanke på risikovurdering og tiltak.

– Kva prosjekt er du oppteken med i desse dagar?

– Akkurat no er eg involvert i prosjekt innan fleire område. Dei siste to åra har eg vore del av eit prosjekt der vi undersøkjer den seismiske risikoen i det vestlege Anatolia i Tyrkia, i området kring byen Izmir. Tidlegare var eg involvert i eit prosjekt som tok føre seg jordskjelvrisikoen i Istanbul-området, og no nyttar vi erfaringar og ny metodikk derfrå i Izmir-prosjektet. Mot slutten av påska dreg eg til Tyrkia for å presentere resultat frå prosjektet. Der skal eg også treffe fylkesordføraren i Izmir, der myndigheitene vil sette i verk tiltak på bakgrunn av forskingsprosjektet.

Elles arbeider eg med eit nytt prosjekt i ESFRI-programmet (European Strategic Forum for Research in Infrastructure). Dette er eit europeisk program der fleire EU-land vil sette i verk tiltak innan infrastruktur. I denne samanhengen er eg koordinator for den norske innsatsen i forskingsprogrammet EPOS (European Plate Observatory System), ei langsiktig satsing som tek føre seg deformasjonar i jordskorpa. Her ved Institutt for geovitskap driv vi Norsk Nasjonalt Seismisk Nettverk (NNSN). Tanken bak EPOS er å binde saman liknande nettverk på europeisk basis. Her har vi høve til å framskaffe heilt nye data, og prosjektet har eit langvarig tidsperspektiv heilt fram til 2048.

- Kva tenkjer du om å måtte legge forskinga til side når du tek til som viserektor for utdanning?

– Først og fremst avventar eg at stillinga som viserektor vert ferdighandsama administrativt. Men sidan dette er ei halv stilling, får eg også tid til å halde fram med forskinga. Eg set pris på å også få høve til å drive med forsking, og håper eg kan få til ein fin balanse mellom forskinga og oppgåvene som viserektor. Det er likevel klart at tankane mine no går til stillinga som viserektor, og eg gledar meg til å ta fatt på desse oppgåvene.

– Kva gjorde at du valde å satse på ei karriere innan forsking?

– For meg ligg det mykje i nysgjerrigheita. Eg har alltid likt å observere naturen og finne svar på det eg ser. Det er spennande å drive med forsking og å kunne bidra positivt til utviklinga. Forsking er grunnlaget for all den kunnskapen vi har. Dette er kunnskap som eg er like oppteken av å formidle, ikkje berre gjennom mediene, men også gjennom undervisning. Eg likar å engasjere yngre generasjonar. Det er framleis mange uløyste spørsmål som dei kan vere med på å finne svar på. For jordskjelvforskinga sin del gjeld dette mellom anna det å kunne predikere. Dette ligg langt fram i tid, men vil bli svært viktig kunnskap. Bakgrunnen min frå Tyrkia har også hatt noko å seie for interessa mi for jordskjelvforsking. Eg har kjent jordskjelv på kroppen og er nok meir bevisst på fenomenet.

– Kva slags saker vil du ta tak i i stillinga som viserektor for utdanning?

– Først vil eg seie at eg ser på stillinga som viserektor for utdanning som eit stort ansvar, og som ny har eg ei audmjuk forståing av kva dette vil innebere. Eg har stor respekt for det arbeidet som allereie har blitt gjort og vil tiltre med forsiktigheit. Når det er sagt, så har eg klare tankar om saker som vert viktige framover. Etter at kvalitetsreformen no har fått verka ei stund, er det viktig å sjå på balansen mellom forsking og undervisning. Spesielt bør lærarkapasiteten vere på plass. Denne situasjonen må forbetrast. Det er også kjent at nokon miljø er meir belasta enn andre når det gjeld undervisning, og vi må sette i verk tiltak basert på dei ulike behova til fagmiljøa.

Vi er også midt inne i ei finanskrise som vil få etterdønningar når det gjeld arbeidsløysa. Som universitet har vi eit samfunnsansvar, og vi må kunne tilby fleire studieplassar og opne dørene for dei som vil ta høgare utdanning og stå betre rusta. Her er Sigmund Grønmo sitt nylege innspel mot departementet viktig. Dette innspelet vart teke godt imot av departementet, og vi vil følge denne linja vidare. Dette vil vere ei av mine viktige oppgåver. Planen om 200 nye studieplassar kvart år i fem år framover er ambisiøs, og krev at vi får på plass ei fullgod finansiering. Ulike studieplassar krev ulik finansiering, og vi må sørge for at dette vert teke omsyn til. Ei av mine oppgåver blir å sørge for ei oppdatert kostnadsutrekning.

– Kva tankar gjer du deg om kva retning Universitetet i Bergen bør gå i framover?

– Universitetet sin strategi er grundig diskutert, og den marine og utviklingsrelaterte forskinga er grunnelement. Dette tyder ikkje at vi ikkje skal satse også innan andre område. Det skjer mykje interessant ved UiB, mellom anna gjennom SFF’ar, tverrfakultært og innan nye felt som CO2-deponering og geotermi. Nye grupper har allereie danna seg, og desse må få blomstre vidare. Vi håper å kunne bidra positivt frå leiinga si side og å dra lasset i lag med fagmiljøa.

Det er også viktig å sikre tid til forsking framover. Det kan dukke opp spennande felt vi ikkje har tenkt på på førehand. Eit lysande døme er seismologien, der interessa frå ein enkeltperson la grunnlaget for ein vitskap som seinare forsynte den gryande oljeindustrien med fagfolk som i dag sit i toppstillingar i bransjen. Vi må ivareta grunnforskinga, og gje forskarane høve til å dyrke sine interesser. Dei menneskelege ressursane må dyrkast.

– Kva skal du gjere i påska?

– Det vert litt jobbing i påskeferien. Som sagt reiser eg til Tyrkia i slutten av påska, men først skal eg ha litt tid saman med familien, og det ser eg fram til. Etter møtet i Tyrkia skal eg på eit nytt møte i Wien. Det vert hektisk, men er artig. Eg set stor pris på høvet til å delta i aktivitetar og samarbeide med forskarar i andre land. Dette er noko det også vert viktig for meg å fokusere på i utdanningssamanheng. Det er viktig for våre studentar å få reise ut, og like viktig at vi tek godt vare på dei som vel å kome hit.

Denne artikkelen er henta frå UiB si internavis På Høyden.