Viktig å vere til nytte
Eldre som føler at dei er til nytte har det betre enn andre, sjølv om dei har dei samme fysiske plagene.
Tekst: Hilde Kvalvaag
– Eg saknar ei meir heilskapeleg tenking når det gjeld utgreiing og tiltak i omsorgstenestene. Sjukepleiarar og legar må bli flinkare til å sjå heile mennesket, ikkje berre dei fysiske plagene, seier Hans Inge Sævareid. Han tar doktorgrad
på heimebuande eldre over 75 år som mottek heimesjukepleie. – Vi har funne at meistringsevna er svært avhengig av om ein føler at ein er til nytte og betyr noko. Dei som kjenner seg nyttige greier seg lenger i sin eigen heim enn dei som opplever einsemd, sjølv om dei i utgangspunktet har like store fysiske plager.
Sævareid er einig med Kari Wærness i at mellom anna «New public management»-
tankegongen har gjort at vi har ei eldreomsorg med klare feil og manglar. I den langsiktige planlegginga av omsorgstenestene til dømes, har organisasjonsmessige og økonomiske vurderingar kome i framgrunnen, medan faglege vurderingar i mange høve ikkje er blitt tilstrekkeleg vektlagde. – Eit konkret døme på dette er at
heimesjukepleia og heimehjelpstenestene i mange kommunar no er blitt splitta opp, og drivne som uavhengige økonomiske einingar, noko som sjølvsagt går ut over den faglege samordninga.
Ut med «sjukepleiesjefen»
Sævareid viser til at Hans Skjervheim allereie på 1980-talet sa at vi ikkje bør legge økonomiske modellar på forsking og utdanning. – Det han påpeikte er like aktuelt i dag innanfor helsesektoren. Eit enkelt og talande døme er den gamle tittelen «sjukepleiesjef», som i dei fleste kommunar no er bytta ut med andre titlar, gjerne «einings-leiar» eller liknande. Den gamle tittelen synte til faget og omsorga, medan den nye tittelen syner til organisasjonen og økonomien, seier stipendiaten.
Dei siste ti åra har det vore nedgong i alders- og sjukeheimsplassar, medan det har
vore mest auke i aldersbustader. Mange av desse har heildøgnstenester. Heimesjukepleia har totalt sett auka, men det var lettare å få praktisk bistand før enn no. Dette skuldast ikkje minst at heimesjukepleia og heimehjelpa er to separate einingar. '
Kvinner lever lengst og best
Likevel rapporterer dei fleste eldre i Hans Inge Sævareids undersøkingar at dei er godt nøgde med livet. Under ti prosent av eldre over 75 år som bur heime har psykiske plager som hemmar dei. Dette trass i at svært mange i denne gruppa har fysiske sjukdommar. – Generelt har den store hopen det godt. Tildeling av heimesjukepleie skjer først og fremst av di vi har fysiske plager. Det er på det fysiske området heimesjukepleia er dyktig. På dei psykiske og sosiale områda har dei i mindre grad eit tilbod. Og det er gjerne hjå dei pasientane der einsemd, uro eller maktesløyse er framtredande symptom at vi ser negative oppslag i pressa, seier Sævareid, som sjølv er sjukepleieutdanna. Han har sett på kva faktorar som forklarar kvifor eldre greier seg i eigen heim når helsa og det sosiale nettverket skrantar, og då kjem nettopp dei psykiske og sosiale faktorane inn med full tyngd. Det er også kjønnsskilnader. Kvinner lever lenger og klarer seg ofte betre enn menn. Sævareid har målt ADL – Activities of Daily Living, altså korleis ein klarer å ta vare på seg sjølv til dagleg, og sett kva som definerer korleis ein meistrar livet sitt som gammal.
Opplevinga av sjukdom
Vidare viser det seg at det ikkje berre er sjukdom i seg sjølv, men korleis du opplever sjukdom, som er avgjerande. Den gamle si tolking av sjukdom og helse er altså svært viktig. Derfor er det så sentralt at helsepersonell i større grad vektlegg desse faktorane både når dei diagnostiserer og planlegg behandlinga av den pleietrengande. – Mitt mål er å betre kunnskapen på det faglege området til heimesjukepleia, og dette gjeld ikkje minst auka merksemd på dei psykiske og sosiale områda i livet. Den svært samansette og krevjande disiplinen som geriatri og eldreomsorg er, krev dessutan eit omfattande samarbeid mellom sjukehuslege og heimesjukepleiar, seier Hans Inge Sævareid.
Sist endret: 2.11.2009
Tilhører
- Sosialpolitikk
- aldring
- helse
- helseøkonomi
- mestring
- omsorg
- psykisk helse
- sykdom
- Helse