Gå til innhold
English A A A
04.09.2009 Nyhet fra På Høyden

Millionregn over klimasenter

Regjeringa lovar 20 millionar kroner til Bjerknessenteret for klimaforskning.

bjerknesnett.jpg

Bjerknessenteret skal få 20 millionar kroner over statsbudsjettet dei neste åra.

I eit møte torsdag lova forskingsminister Tora Aasland at klimasenteret skal få 20 millionar kroner over statsbudsjettet for 2010, med nye 20 millionar kvart år framover. Saman med Audun Lysbakken rosa ho Bjerknessenteret som leverandørar av klimaforsking.

– Dette var ei veldig glede og ei stor letting. Utan ei avklaring no hadde ting byrja å smuldra opp alt frå neste år. No er det flott å sjå at regjeringa vil gje oss status som ein spydspiss innan klimaforskinga, seier Eystein Jansen, direktør ved Bjerknessenteret til På Høyden.

– Skapar tryggleik

Rektor Sigmund Grønmo deltok også på møtet.
– Dette tyder mykje for vidareføringa av den forskingskompetansen Bjerknessenteret har opparbeida seg. Det skapar ein stabilitet og ein langsiktigheit som gjer at ein kan vidareutvikla og behalda miljøet ein har skapt ved senteret, seier han.

Bjerknessenteret har status som Senter for fremragende forskning fram til 2012. Grønmo meiner at lovnaden om dei 20 millionane skapar ei tryggare framtid for forskarane ved senteret.

– Ein unngår at forskarane vert usikre og søkjer seg vekk. Dette er eitt av verdas fremste miljø for forsking på klima, og klimaet er ein av våre største utfordringar globalt. Så dette er ikkje berre pengar som er viktige for Bjerknessenteret og UiB, men heile verda, seier Grønmo.

– Stort løft

Jansen var ikkje førebudd på ein sum på 20 millionar.
– I forkant av møtet fekk me signal om at det kom eit gjennombrot budsjettmessig, og at regjeringa arbeidde med dette. 20 millionar var meir enn me rekna med, seier direktøren.

Bjerknessenteret har ein årleg finansiering på 84,5 millionar kroner, henta inn frå ulike kjelder.

– 20 millionar kroner utgjer eit stort løft. Dette er ei fullføring av den strategien me la for ti år sidan, med mål om å etablera oss som eit permanent klimasenter i Bergen. No kan me etablera oss og få ei meir fast rolle som aktør innan klimaforsking, seier Jansen.

Han fortel at det enno ikkje er avklart om dei 20 millionane er øyremerka eller til fri disposisjon.

– Dette skal avklarast nærare i løpet av hausten.

Vil vidareføra kompetanse

UiB har fleire senter for framifrå forsking.
– Me har som utgangspunkt at kompetansen ved dei andre sentra også bør vidareførast, men korleis dette bør organiserast, kan variera frå senter til senter. Dette skal me gå i dialog om, seier Grønmo.

I neste veke skal han i møte med Forskningsrådet om denne saka.

– Vårt utgangspunkt er at det også er krav om andre midlar om vi skal ta vare på den kompetansen som er bygd opp ved sentra. UiB kan ikkje finansiera dette åleine, seier Grønmo.

Artikkelen er henta frå UiB si internavis På Høyden.

Eystein Jansen Sigmund Grønmo Tora Aasland Audun Lysbakken.

Eystein Jansen (frå venstre), Sigmund Grønmo, Tora Aasland og Audun Lysbakken. Foto: Jill Johannessen

Sist endret: 4.9.2009

Nyheter fra Kommunikasjonsavdelingen

Nyhetsarkiv