Bjerknessenteret i folgefonnsamarbeid
Bjerknessenteret og Folgefonnsenteret inngjekk torsdag eit samarbeid. Målet er å skapa eit forskings- og formidlingssenter ved foten av Folgefonna.
Samarbeidsavtalen tar sikte på å skapa eit senter med aktivitetar knytt til klimaforsking med knyting til glasiologi og bruk av isbrear som klimaindikatorar, heiter det i ei pressemelding. Senteret skal ha sete i Rosendal i Kvinnherad.
Folgefonnsenteret er enno på forprosjektstadiet, og er eit samarbeid mellom Kvinnherad kommune, Hordaland fylkeskommune og private bidragsytarar.
No skal dei to partane samarbeida om å sikra grunnlaget for etablering og drift av senteret, samt arbeidsplassar. Planen er å leggja til rette for faste forskar- og teknikarstillingar, samt andre stillingar knytta til senteret, kan ein lesa i pressemeldinga.
Eystein Jansen, direktør for Bjerknessenteret, ønsker å realisera senteret så snart som råd. Han peikar på at Folgefonna er ein viktig isbre i klimasamanheng.
– Me driv alt omfattande forsking på Folgefonna. Det vert bra å få ein base for forskinga i Rosendal, seier Jansen til På Høyden.
I tillegg til forsking set prosjektet formidling sentralt, til dømes gjennom program tilknytta skular.
– Plasseringa skapar ei unik muligheit for å trekkja inn natur og miljø direkte inn i undervisninga, dette trur eg kan stimulera interesse for naturvitskap, seier Jansen.
Bjerknessenteret kjem ikkje til å bidra direkte til finansieringa av Folgefonnsenteret, men med humankapital, seier direktøren.
– Me vil vera leigetakarar på senteret, og bidra økonomisk på den måten. Me vil arbeida for å få forskingsprosjekt som er tett knytta til senteret, og dette vil også skapa inntekter, seier Jansen, som ikkje ser vekk frå at det i framtida kan verta mogeleg å etablera tekniske eller forkinsmessige stillingar ved senteret.
Prosjektleiaren for Folgefonnsenteret, Knut Førland, ser på samarbeidet som ein milepæl. Prosjektet har vore nær nedleggjing.
– Med Bjerknessenteret på laget har vi stor tru på at vi skal klara å koma i mål med Folgefonnsenteret, seier han i pressemeldinga.
Sist endret: 8.1.2010
Nyheter fra Kommunikasjonsavdelingen
- Mannskor i tretoppane (22.05.2012)
- Samarbeider med Festspillene (18.05.2012)
- Maria full av kitsj (18.05.2012)
- Fire kan bli SFF (16.05.2012)
- Ingen penger til aulaen (15.05.2012)
Relaterte nyhetssaker
- Presentasjon av masteroppgave: Estimation of Global Terrestrial Evapotranspiration (15.05.2012)
- Moisture Transport and Precipitation in Ethiopia (03.05.2012)
- Informasjonsmøte om Forsker grand prix (27.04.2012)
- " Save the whales" - om restaureringen av en historisk utstilling (18.04.2012)
- Else Mundal: Sagaskriverne og Bergen (13.03.2012)
- Bjerknessenteret
- Formidling
- Klima