Studentersamfunnet: Teknologisk kløft
Ulik tilgong på IT-ressursar har skapt ei teknologisk kløft i verda, og dette har fått konsekvensar for klimaet. IKT-bransjen ynskjer med prosjektet Grøn IT å ta ansvar for eit betre miljø. Er Grøn IT løysinga på det teknologiske skiljet og klimakrisa?
Ein av fordelane til Vesten er tilgongen på databaserte tenester. Utviklingsland har ikkje nødvendigvis dei same IT-ressursane til råds som elles forenklar kvardagen, frigjer ressursar og er miljøvenlege. Grøn IT ynskjer å bidra slik at utviklingsland også kan oppleva teknologisk framgang. Dette kan minska skilnaden som fylgjer av at den teknologiske innovasjonen har skote fart.
Ved å ha grøne IT-løysingar som vert premierte med poeng ut frå den grøne utviklingsmekanismen (CDM credits) får bedrifter insentiv til berekraftig teknologiutvikling i utviklingsland. Slik får fattige delar av verda tilgong til teknologi basert på Grøn IT. I fylgje IKT-Noreg gjer dette at CO2 -utsleppa i verda kan reduserast monaleg.
Smart bruk av IT kan til dømes redusera utsleppa frå sektorar som transport, bygg, energi og offentleg sektor.
Benedicte Fasmer Waaler frå IKT-Noreg kjem for å gje oss eit innblikk i Grøn IT si rolle i minskinga av den teknologiske kløfta.
Møteleder: Mildrid Kyte
Innledere
Benedicte Fasmer Waaler- IKT-Noreg