Utviklingsrelatert forsking
Utviklingsrelatert forsking er eit bredt og samansett forskingsfelt. Fakultetet har lange tradisjonar innan dette feltet, og forsking ved dei ulike institutta omfattar m.a. tema som globalisering, fattigdom, demokratiutvikling, miljøendringar og resursforvalting.
Forskinga i fagmiljøa ved fakultetet er samla langs to hovudaksar. Den eine aksen dreier seg om regionalt fokuserte og globalt komparative studiar av kultur, samfunn og politiske prosessar. Den andre aksen dreier seg om studiar av globale utfordringar og lokal tilpassing, med særlig vekt på forholdet mellom ressursar, fattigdom, helse og makt. Her er det et mål å bygge god kompetanse på de store regionane.
Utviklingsrelatert forsking har tyngdepunkt innan sosialantropologi og samanliknande politikk, men det er òg mange relevante prosjekt innan geografi, sosiologi og administrasjon og organisasjonsvitskap. Institutt for økonomi har utviklingsøkonomi som eitt av sine prioriterte forskingsfelt.
Innan utviklingsforsking samarbeider fakultetet òg nært med Chr. Michelsens Institutt. Institutta ved fakultetet har òg utstrakt samarbeid med institusjonar i Sør, og ikkje minst gjeld dette for utviklingsforsking.
UiB er medlem i Worldwide Universities Network, og forskarar ved fakultetet er aktive i arbeidet med å etablere eit internasjonalt nettverk for forsking innan WUN-nettverket.
Aktuelle forskingsgrupper
- Bergen Pacific Studies
- Demokrati og utvikling
- Globalisering og utvikling
- Ressursforvaltning og sosial endring i utviklingsland
- Challenging the State
- Global Moments in the Levant
- Post-osmanske gruppe
- Poverty Politics Research Group
- Systemdynamikk
- Økonomisk geografi, regional utvikling og stedsidentitet
- Naturressurser, miljø og utvikling
Sist endret: 16.8.2012