Grunnlovsatsinga ved fakultetet fram mot 2014
Grunnlovsjubileet i 2014 skal feirast, men det skal òg stimulera til debatt og refleksjon om vilkåra for demokratiet og kva utfordringar demokratiet står ovanfor i dag.
Bakgrunn
Bakgrunn
Grunnlovsforsking
Grunnlovsjubileet i 2014 skal feirast, men det skal òg stimulera til debatt og refleksjon om vilkåra for demokratiet og kva utfordringar demokratiet står overfor i dag.
Les mer
Grunnloven under lupen
Grunnloven skal på agendaen, og i tiden fram mot 2014 legges det opp til mye aktivitet rundt grunnlovsforskningen ved Det juridiske fakultet.
Les mer
Seminar
Seminar
Grunnlovsymposium i Bergen 13. februar 2013
Den 19. februar 1814 underteiknar arveprins og statthaldar Christian Frederik eit ope brev til det norske folket der han erklærer seg som regent i Noreg og kallar inn til ei grunnlovgjevande forsamling på Eidsvoll 10. april. Han legg óg fram teksten til ein "folkeeid" der folket forpliktar seg til å støtte sjølvstendepolitikken. Same dag sender Christian Frederik òg ut ei kunngjering om dei fredelege tilhøva folket i Noreg har til andre nasjonar og om oppheving av kaperfarten (statleg godkjend sjørøveri).
På same dato 199 år etter inviterer Det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen til sitt andre Grunnlovsymposium for å diskutere grunnlov, likskap og demokrati.
Les meir
Grunnlova mellom tolking og endring 3. september 2012
Seminaret samlar viktige historiske og aktuelle perspektiv rundt norsk grunnlovstolking.
Den norske grunnlova er verdas nest eldste gjeldande grunnlov. Innhaldet i Grunnlova er likevel ikkje det same i dag som i 1814. I løpet av desse snart 200 åra har Grunnlova blitt endra som samfunnet elles. På nokre område har utviklinga ført til endringar i sjølve grunnlovsteksten. På andre område har innhaldet i Grunnlova blitt eller vorte forsøkt endra gjennom tolking. Slik har grunnlovstolkinga spelt ei viktig rolle for utviklinga av vårt politiske system, individuelle rettar og synet på Grunnlova i dag. Likevel er prinsippa for grunnlovstolkinga og rolla den spelar og har spelt i statsretten eit lite studert emne i Noreg.
Seminaret er ein del av prosjektet Nye perspektiver på Grunnloven i samband med grunnlovsjubileet i 2014.
Les meir
Grunnlovssymposium i Bergen 16.–17. februar 2012
Den danske regenten Prins Christian Fredrik kalte den norske politiske eliten inn til «stormannsmøte» på Eidsvoll 16. februar 1814 for å diskutere Norges fremtid. På dette møtet ble man enige om å kalle inn til en grunnlovsgivende forsamling utgått fra folket for å skrive en ny norsk grunnlov.
Det juridiske fakultet har funnet denne datoen egnet til å markere starten på fakultetets satsing opp mot Grunnlovsjubileet 2014 og inviterer til et todagers symposium.
Les meir
Kronikkar og debatt
Kronikkar og debatt
Grunnlova og menneskerettane
Den største grunnlovsendringa etter 1814 er rett rundt hjørnet – utan debatt. Har vi det så godt her i Noreg at vi ikkje lenger ser verdien av å ha ei Grunnlov?
Av Eirik Holmøyvik, Henriette Sinding Aasen og Ragna Aarli, 17. februar 2012
Hva skal vi med grunnloven?
Hvis Stortingen nøyer seg med å inkorporere bare menneskerettighetene i Grunnloven, er det fare for at den større revisjonen som vil gjøre Grunnloven relevant for vår tid, lar vente lenge på seg.
Av Jan H. Landro, 21. februar 2012
Norge: postdemokratisk avantgarde
EØS-avtalen underminerer folkestyret og gir makten til finanseliter og markedsteknokrater, skriver Rune Slagstad.
Av Rune Slagstad, 28. februar 2012
Vox Publica: Grunnlovsdebatt
Vox Publica er et nettmagasin om demokrati og ytringsfrihet. Magasinet gis ut av Institutt for informasjons- og medievitenskap ved Universitetet i Bergen. Dei har publisert fleire artiklar om grunnlovsdebatten.
Prosjekt
Prosjekt
Fram mot grunnlovsjubileet i 2014 vil forskargruppa for statsrett, folkerett og internasjonale menneskerettigheter vere sentral i fakultetet si grunnlovsatsing. Fleire av medlemmane i forskargruppa leiar NFR-finansierte forskingsprosjekt i samband med grunnlovsjubileet.
- Constitution, welfare state and citizenship (prosjektleiar: Henriette Sinding Aasen)
- Grunnlova mellom tolking og endring (prosjektleiar: Eirik Holmøyvik)
- Grunnlova, europeisk konstitusjonalisme og middelalderrett (prosjektleiar: Jørn Øyrehagen Sunde)
Sist endret: 30.10.2012