Gå til innhold
English A A A
29.04.2011 Nyhet

Landskapsparkar på Christiekonferansen

Onsdag vart årets Christiekonferanse avvikla, og HF var representert med utstilling om landskapsparkprosjektet, ved satsinga Region og regionalisering.

Frå venstre: Randi Barndon, Gunnstein Akselberg, Connie Reksten og Dirk Kohlmann

Frå venstre: Randi Barndon, Gunnstein Akselberg, Connie Reksten og Dirk Kohlmann

Christiekonferansen tar mål av seg til å vere den viktigaste regionale arenaen for kontakt mellom akademia og samfunnet rundt. Aktørar frå samfunns- og næringsliv frå hele Vestlandet blir inviterte for å drøfte tema som verdiskaping på Vestlandet og universitetet si rolle i dette. Perspektivet for Christiekonferansen 2011 var UiB som internasjonalt anerkjend forskingsuniversitetet utanfor hovudstaden. Kva for moglegheiter og utfordringar gir det for Bergen, Vestlandet og Noreg?

Under konferansen hadde også dei ulike fakulteta utstillingar der dei presenterte ulike prosjekt som er utvikla i samarbeid med eksterne partnarar. Frå Det humanistiske fakultet stilte landskapsparkprosjektet. Landskapsparkar: Verdiskaping, verdiforvaltning og verdikonflikter er forankra i den tverrfaglege satsinga Region og regionalisering, og er eit samarbeid mellom UiB, Fylkesmannen i Hordaland, Hordaland fylkeskommune og Innovasjon Norge. Prosjektet har fått støtte til utvikling frå Meltzerfondet, og planlegg å søke finansiering hausten 2011.

Landskapsparkar er definert av Fylkesmannen som ”unike natur- og kulturlandskap, avgrensa av felles kultur og identitetskjensle. Lokalsamfunn og næring vert utvikla i fellesskap slik at områda vert attraktive som bustad og besøksmål”. I alt er det etablert åtte landskapsparkar i fylket.

- Hovudmålet for prosjektet er å undersøke kva grep som tas lokalt for å skape ny regional identitet og for å ivareta regionen si særeigenheit, seier prosjektleiar Randi Barndon, førsteamanuensis ved AHKR.

Ein skal undersøke landskapsparkane som offentleg initierte tiltak, der verdien av det å verne lett ser ut til å komme i konflikt med dei verdiane som er knytt til innovasjon, entreprenørskap og verdiskaping. Landskapsparken er eit forsøk på å revitalisere landskapet og lokalsamfunnet, og prosjektet vil undersøke korleis dette inngår i ei regional utvikling, og om dei kan bidra til regional verdiskaping, fortel Barndon.

- Det er ikkje lett å finne arenaer for samarbeid mellom humaniora og samfunnet rundt, men dette feltet er eit godt møtepunkt mellom oss og regional forvaltning og nærlingsliv, seier Randi Barndon på utstillinga i Grieghallen. På utstillinga deltok også Gunnstein Akselberg, professor ved LLE, Connie Reksten, post doktor ved AHKR og Dirk Kohlmann frå Fylkesmannen i Hordaland. Det var Connie Reksten og Dirk Kohlmann som laga utstillinga.

Les meir her:

Christiekonferansen
Landskapspark.no

Sist endret: 29.4.2011

Nyheter fra Region og regionalisering

Nyhetsarkiv