![]() |
ByvandringerOppmøte ved Gamle Rådhus
Guidet helsehistorisk byvandring gjennom løypen i Bergen sentrum med start fra Gamle Rådhus. Varighet 2,5-3 timer (alle omvisningene er identiske). LØYPE! Historisk helsebyvandring gjennom fire hundre år Gamle rådhus er utgangspunkt for den lokale markeringa av 400-årsjubileet for det offentlege helsearbeidet i Noreg. Her var byens første dårekiste, og vi kan framleis gjenoppleve noko av stemninga derifrå i dei gamle cellene i kjellaren. Frå rådhuset går turen til Lepramuseet i Marken, Latinskolen i Lille Øvregate, Kjøttbasaren ved torget og Stranges stiftelse på Klosteret. Desse utsillingslokala representerer på kvar sin måte viktige sider ved kommunens arbeid for betre folkehelse. Rådhuset var arena for politiske vedtak om renovasjon, vassverk, offentleg slakting, nye skulebygg og badeanlegg. I cellene finn vi eksempel på tiltak for å lækje dei psykisk sjuke og ein presentasjon av prosjektet Kunst, kultur og psykisk helse anno 2003. I Lepramuseet kan vi oppleve eit av dei eldste sjukehusa i Norden og møte nokre av dei mest skræmande epidemiane byen og folket har møtt. På skulemuseet i Latinskolen finn vi instruksjonar om rette pultar, vaksinasjonsordningar, helseopplysning og tiltak for gode læringsmiljø. I Kjøttbasaren finn vi oppsynsmannens rom, der vi vil vise arbeidet med å få orden på næringsmiddelomsetninga. På Stranges stiftelse kan vi lære meir om utviklinga av tiltak frå verdige fattige i ”milde stiftelser” til dagens lovpålagde offentlege eldreomsorg. Endring og kontinuitet i den offentlege innsatsen er gjennomgåande tema. Ved å satse på ei markering med ulike eksisterande historiske bygningar som ramme, blir det skapt ekstra høve til å trekkje liner mellom det gamle og det nye. Gjennom kombinasjonen av eit mangfald av bygningar og tema reknar vi med å kunne skape ei heilt spesiell og eigenarta oppleving av den offentlege innsatsen for helse og velferd gjennom tidene. Fem bygningar - fem innsatsområde Byane satsa på offentlege helsetiltak før staten, og vi kjenner mange gamle byreguleringar for å fremje folkehelsa i Bergen. Vi vil difor rette merksemda mot det offentlege – og særleg byen – sin bruk av ressursar til dette arbeidet. Det offentlege regulerte marknaden og byen med vassforsyning, avlaup og avfallshandtering. Det skilde sjuke frå friske. Det offentlege spelte ei regulerande rolle overfor så vel marknad som individ. Mange av dei tidlegare offentlege oppgåvene er etter kvart blitt privatiserte, mens andre oppgåver har gått frå å vere private til å bli offentlege. Dette kan også sjåast som uttrykk for det offentlege si makt til å definere kva som er problema og kva løysingar det er legitimt å velje. Ulike strategiar i kampen mot helse- og ordensproblema ber også i seg spørsmål om klassebestemte innsatsar. Foredrag
|
||||
|
|
||||
| Forskningsdagene 2003 i Bergen |
Oppdatert 22.09.03
|
|||