Hjem

Institutt for fremmedspråk

Utdanning

Pendlar mellom skulebenk og universitet

Ikkje alle nøyer seg med skuletimar, lekser og fritidsaktivitetar. Fem av elevane i 3. klasse ved St. Paul Gymnas i Bergen studerer språkfag ved universitetet samstundes.

stpaul.jpg

Elevar frå St. Paul Gymnas.
ELEVAR OG STUDENTAR: Martina Johanna (t.v.), Marion, Gabriel, Tuva Maria og Aida er elevar ved St. Paul og studentar ved Institutt for framandspråk.
Foto:
Arve Kjell Uthaug

Aida Solheim, Marion Græsdal, Tuva Maria Fosse og Martina Johanna Tharaldsen studerer innføringsemnet ENG100 på engelskfaget. Gabriel Munoz har valt spansk (SPLA100). I tillegg til desse fem studentane, er det hausten 2016 andre St. Paul-elevar som tek innføringsemne frå filosofi eller EXFAC ved Det humanistiske fakultetet. Ei gruppe studentar tek dessutan eksamen i eit innføringsemne i latin, men utan å følgja undervisninga.

Prøva ut

Alle desse elevstudentane er ein del av UNG-ordninga, der UiB tilbyd elevar i vidaregåande skule opptak til utvalde enkeltemne. Dermed får dei ein smakebit på studentlivet og høgare utdanning. Og viss elevane greier eksamen på emnet, får dei studiepoenga – men ikkje før dei søkjer seg inn på eit universitet eller ein høgskule.

Dei fire St. Paul-jentene som skal studera engelsk, kjem lett andpustne til intervjuavtalen. Tida er kostbar når ein skal ta seg fram mellom skulen og universitetet, og om ein halvtimes tid skal dei ha sine første undervisningstimar på ENG100.

- Dette verkar som ein unik sjanse til å få prøvd oss litt på korleis det blir på universitetet. Og så er engelsk eit fag eg likar, fortel Martina Johanna.

- Eg har alltid likt England, engelsk kultur og sånn, og eg har veldig interesse for det engelske språket, legg Aida til.

Politiet eller engelskstudium

Planane for vidare studiar og yrkesval er varierte. Marion vil ta utdanning i engelsk og psykologi i Australia. Martina Johanna vil først i militæret eit år. Deretter har ho planar om å studera statsvitskap i Trondheim, og ho ønskjer å få med seg eit utvekslingsopphald i utlandet. Tuva Maria har òg reiseplanar:

- Eg skal velja mellom to ting: anten studera rettsvitskap eller dra til Korea og ta bachelorgraden der, seier Tuva Maria. Ho har allereie byrja å læra seg koreansk på eiga hand.

- Lenge var planen å bli politi og narkohundførar. Tanken lever litt framleis, fortel Aida. Men heilt sikker er ho ikkje. Vidare studium innan engelsk språk og litteratur er eit anna aktuelt alternativ.

Fridom

Gabriel kjem til intervjuet etter sine første spansktimar ved universitetet.

- Eg synest det var veldig bra, men det var litt meir utfordrande enn eg trudde, vedgår Gabriel. Sjølv er han tospråkleg og snakkar spansk med faren og norsk med mora. Han er optimistisk jamvel om dei første timane var litt vanskelegare og meir teoretiske enn han hadde venta seg.

Kva for yrke Gabriel skal velja, har han ikkje bestemt seg for enno. Heller ikkje kva han skal studera. At han skal studera, derimot, det veit han. Møtet med universitetet set han stor pris på: hyggelege folk, god stemning, kjensla av fridom og ei oppleving av eit litt mognare miljø.

Elevstudentane frå St. Paul er glade for samarbeidet mellom skule og universitet, og føler dei har fått skikkeleg informasjon frå skulen og instituttet.

- Vi har omtrent fått all nødvendig informasjon levert på eit sølvfat, seier Tuva Maria. Og Aida har eit klart inntrykk av at det er forventningar på begge sider:

- De er minst like spente som vi er.