Nyhet
09.03.2012

Spent situasjon for minoritetar, trass den arabiske våren

Forfølgingar, kidnappingar, vald og drap er det som møter mange kristne i Midtausten. Resultatet er at mange flyktar, og området som er kjend som kristendomens vogge er no, ironisk nok, i ferd med å bli tømd for kristne.

15. mars vil professor Martin Tamcke halde gjesteforelesing om den arabiske våren og påverknaden av den arabiske våren på situasjonen til ikkje-muslimske samfunn, med kristne i Egypt og Syria som døme. Tamcke er professor i økumenisk teologi med særleg vekt på orientalsk kyrkje- og misjonshistorie ved det teologiske fakultetet ved Universitetet i Göttingen.

Dødsdømd prest

I 2010 blei den iranske presten Yousef Nadarkhani dømd til døden for å praktisere den kristne trua si. Han blei arrestert då han stilte spørsmål ved ein einerådande islamsk religiøs skulepedagogikk på den offentlege skulen der sonen hans gjekk. I 2011 fekk Nadarkhani, som konverterte frå islam til kristendomen som 19-åring, tilbodet om nåde dersom han offentleg vedkjende seg den islamske profeten Mohammed som ”Guds sendebod”. Til no har han avslått tilbodet.

Forverra situasjon med arabisk vår

Ifølgje leiaren av det Washington-baserte Foundation for Defense of Democracies, Clifford D. May, er ”forfølginga mot kristne som føregår i mange byar i Midtausten […] den viktigaste internasjonale historia som ikkje er blitt fortalt av internasjonal media”. Og mykje tyder på at situasjonen forverrar seg, delvis som følgje av den arabiske våren. Med revolusjonane har mange vunne fridom, fleire islamske parti har fått ein del av kaka, men mange kristne samfunn kjenner seg derimot utrygge. I Afghanistan forsvinn kyrkjene, og i Syria har kristne lidd under muslimane sitt opprør mot det herskande styret under Bashar al-Assad. Ifølgje menneskerettsorganisasjonen Open Doors, skjer det ikkje sjeldan drap, valdtekter og kidnappingar mot dei kristne i Damaskus og andre syriske byar.

I Irak, der kristne minoritetar har levd i 2000 år, gir vald og opprør minoritetsbefolkninga valet om anten å forlate landet eller bli drepne. Eit anna alternativ som står sterkt, er å konvertere til islam.

Styresett basert på sharia

Libya er eitt av dei landa der muslimar kjempar for at det nye styresettet skal basere seg på sharia. At landet kan kome under leiing av generalen og leiar av Tripoli  Military Council, Abdul Hakim Belhaj, som tidlegare blant anna har styrt ein milits med tilknyting til Al Qaida, bekymrar mange. I Tunisia vil det dominerande islamske partiet Ennahda skrive ein ny konstitusjon som skal ligge nær opp til sharia. Dei om lag 22 000 katolikkane i landet er bekymra, ikkje utan grunn. Ifølgje sharia kan einkvar som forlèt islam bli dømd til døden. At kritikk av Mohammed, Koranen eller sharia òg kan føre til dødsdom, har ein mellom anna sett i Pakistan, der ei kristen kvinne risikerer dødsstraff fordi ein hevdar ho har kritisert profeten Mohammed. Sjølv om dei færraste statar handhevar lova på dette punktet, og sjølv om ein dødsdom sjeldan fører til at staten går til det steget å faktisk avrette ein konvertitt, er det eit middel som skaper eit enormt trykk på minoritetar og konvertittar.

 

Masseflukt

Dei siste åra har ein sett ei masseflukt av kristne frå Midtausten. I Egypt, der åtte millionar kristne lever saman med meir enn 70 millionar muslimar, har dei kristne blitt utsett for kyrkjebrenningar, forfølgingar og drap gjennom heile perioden under Mubarak. Etter Mubaraks fall ser det ikkje ut til at dei koptiske har fått så mykje betre kår; det blir hevda at det nye regimet ikkje tillèt etterforsking med omsyn til sakene som vedkjem drap og herjingar mot kristne. Etter revolusjonen har 100 000 kristne familiar flykta frå Egypt i frykt for dei nye islamske styresmaktene, ifølgje Egyptisk Human Rights forbund. På Gazastripa, som blir kontrollert av den islamistiske gruppa Hamas, blir om lag 3000 kristne forfølgde. Ein fryktar at dersom masseflukta frå Betlehem held fram i to-tre tiår til, vil det ikkje vere lekmenn att for å tenestegjere i Jesu’ fødeby Jerusalem. Første nyttårsdag 2011 blei ei kyrkje utsett for eit attentat i Alexandria, og 20 personar mista livet. I oktober samla koptiske kristne seg i Kairo til demonstrasjon mot manglande etterforsking av åtak mot minoritetane. Demonstrasjonen enda med at 17 kristne blei køyrd ned og drepne av militære køyretøy.

”Demokrati er ikkje lova til majoriteten, men vern av minoriteten” (fritt omsett), sa Albert Camus. Stoda til dei kristne i Midtausten har lenge blitt ignorert av vestleg media. Meir fokus på temaet blir etterlyst; eit klårt og tydeleg fokus kan utgjere ein avgjerande forskjell, og halde tilbake potensiell vald. Å teie kan føre til det motsette, seier Andrea Levin, leiar i CAMERA (Commitee for Accuracy in Middle East Reporting in America).

Ikkje eintydig

Det er likevel viktig å få fram at stoda ikkje er einsidig negativ for kristne i den muslimske verda. Somme stader i Midtausten ser ein ei positiv utvikling, og det finst døme på at muslimar viser sympati for og gjev støtte til kristne minoritetar. Nokre land i Midtausten er relativt trygge for kristne minoritetar, seier leiar av Open Doors, Carl Moeller; Jordan har teke imot mange tusen irakiske flyktningar, inkludert kristne, som uhindra kan praktisere trua si. Det samme gjeld for armenske kristne i Iran, jamvel om det er ulovleg å konvertere.