Hjem
Click

Institutt for fremmedspråk

Russisk er det største språket i Europa med over 150 millionar morsmålbrukarar og i tillegg første framandspråk for ytterlegere over 100 millionar i det tidlegare Sovjetunionen. Det er eit av dei største verdsspråka og eit av dei seks offisielle språk i FN. Russisk er eit indoeuropeisk språk som tilhøyrer den slaviske språkfamilien. Slaviske språk kan delast inn i tre: aust-, vest- og sørslavisk. I selskap med kviterussisk og ukrainsk dannar russisk undergruppa østslaviske språk. Russisk kultur, og særleg litteratur, utgjer ein viktig del av den felleseuropeiske kulturarven. Som eit kulturhistorisk fenomen er det russiske standardspråket interessant fordi det er oppstått som ei samansmelting av austslaviske talespråk og kyrkjeslavisk, dei ortodokse slavarane sitt religiøse språk gjennom tusen år.

Du treng ingen forkunnskapar for å begynne å studere russisk. Vi tilbyr undervisning både på bachelornivå og på masternivå. Mastergradstudiet skil seg ut ved at det er ei spesialisering med hovudvekt på litteratur eller språk og stiller større krav til vitskapeleg tenking og arbeidsmåte.

NB:
Frå og med hausten 2010 startar russiskstudiet med innføringsemnet RUS100 (10 stp). Avlagd eksamen i RUS100, eller dokumentasjon på tilsvarande kunnskap, er obligatorisk for vidare studium i russisk.

Den generelle målsetjinga for russisk-studiet er:

  • å øve opp den praktiske og aktive språkferdigheten til studentane, både skriftleg og munnleg
  • å gje studentane kunnskapar om og innsikt i russisk språk og russisk litteratur, kultur og samfunnsforhold.

Studentane skal samstundes øvast opp til ei sjølvstendig og reflekterande haldning til faget.

Fagkoordinator: Brita Bryn

Studierettleiar

Studietilbod: Bachelor og master.

Ressursar:
Brosjyra Russisk i verden  frå Fremmedspråksenteret