Hjem
Institutt for fremmedspråk

Retningsliner for fagkoordinatorar ved Institutt for framandspråk

Hovedinnhold

Retningsliner for fagkoordinatorar ved Institutt for framandspråk

 

- Godkjende av instituttrådet 16. mai 2012.
- Spesifikasjonar for engelsk gjort av instituttleiar 23. juni 2014.
- Oppdatert av instituttleiar 9. februar 2016 (undervisningsmentor og frist for studieplanendringar).
- Oppdatert av instituttleiar 7. november 2016
- Oppdatert med gjeldande datoar og frister februar 2021

                                                                                 

1. Vervet

Instituttleiar peikar ut ein fagkoordinator for kvart av dei følgjande faga ved instituttet: arabisk, fransk, tysk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk, spansk språk og latinamerikastudium.  For engelsk peikar styrar ut to fagkoordinatorar, ein for disiplinane lingvistikk og fagdidaktikk og ein for disiplinane litteratur og kultur.  Ein av dei to vert utpeikt som hovudkoordinator (EngHK[1]).

Fagkoordinatoren (EngHK) er talsperson for faget og leiar av programstyret for faget. Hovudoppgåva for fagkoordinatoren er å følgja opp undervisninga på faget. Vervet er eit bindeledd både mellom disiplinane innanfor faget og mellom faget og instituttet. Fagkoordinator skal derfor halda kontakten med dei ulike emneansvarlege på faget og med undervisningsleiaren ved instituttet. Frå administrasjonen vil fagkoordinatoren bli assistert av studiekonsulenten og eksamens- og undervisningskonsulenten for faget.

 

[1] I det følgjande vert det spesifisert i parentes (EngHK) når ’fagkoordinator’ viser til hovudkoordinator for engelskfaget. Når det ikkje er spesifisert, gjeld ‘fagkoordinator’ begge koordinatorane på engelskfaget.

 

2. Arbeidsoppgåver


A. Programstyret: Fagkoordinator (EngHK) er leiar av styret for det disiplinbaserte programmet på faget. Programstyre skal samlast minst ein gong i semesteret. Sjå eigne retningsliner for programstyra.

B. Orienteringsmøta: fagkoordinatoren representerer faget på orienteringsmøta ved semesterstart.

C. Undervisnings- og eksamensplanlegging: Fagkoordinator har ansvaret for å planleggja eksamensdatoar og undervisninga og fordela eksamens- og undervisningsoppgåvene til fast og mellombels tilsette på dei ulike emna innan gjeldande fristar. Eksamens- og undervisningskonsulenten treng opplysningar om emne, vurderingsform, eksamensdato, undervisningsform, timetal, undervisningsveker og namn på undervisar. Deretter følgjer administrasjonen opp gjennom rombestilling, timeplanlegging, publisering av eksamensplan, arbeidsavtalar m.m.

Eksamens- og undervisningskonsulenten sender i god tid før fristen utkast til timeplan og eksamensdatoar på grunnlag av undervisnings- og eksamensdatoar sist gong emnet vart undervist. Når fagkoordinator har avtala undervisninga og eksamensoppgåver med den enkelte læraren, stadfester fagkoordinator oversynet eller melder inn endringar der det trengs for kvart av emna som skal undervisast neste semester.

Eksamensdatoar skal vera tilgjengelege for studentane når Studentweb opnar for registrering til neste semester (måndag i veke 25 for haustemne og måndag i veke 50 for våremne). Timeplanane vert publiserte 1. desember (for våremne) og 1. juni (for haustemne).

Ingen må lovast mellombels engasjement i undervisninga før lovheimel er avklara med administrasjonssjefen eller administrasjonskonsulenten. Fagkoordinatoren har innsyn i undervisningsrekneskapen for alle tilsette på faget, og får opplysningane ved å kontakta administrasjonskonsulenten.

Fagkoordinator har ansvar for undervisningsplanlegginga både på dei ordnære fagemna (inkl. fagdidaktikk) og på faget sin andel av tverrfaglege tilbod. 

Fagkoordinatoren har ansvaret for at stipendiatar som underviser og/eller sensurerer for første gong får tildelt ein undervisningsmentor (emneansvarleg eller annan fagperson). Mentoren skal rettleie stipendiaten i planlegging og gjennomføring av undervisninga, for eksempel i val av pensum og undervisningsmetodar, undervegs- og sluttevaluering av emnet. Stipendiaten bør òg få rettleiing i sensurarbeid, for eksempel gjennom felles sensurmøte eller ved å sensurere saman med ein erfaren sensor. Undervisningsmentoren får ei utteljing på inntil 10 timar i arbeidstidsrekneskapen for dette arbeidet.
 

D. Eksamen: Fagkoordinator kontaktar sensorane tidleg i semesteret for å avtala eksamens- og sensurarbeidet. Oversyn over interne og eksterne kommisjonsmedlemar til midtsemester- og sluttsemestereksamen blir levert frå fagkoordinatoren til eksamenskonsulenten seinast 15. februar i vårsemesteret og seinast 15. september i haustsemesteret. Oversynet skal innehalda følgjande opplysningar for kvart emne: namn på eksterne og interne sensorar, kven som skal laga oppgåva, kven som skal gå besøksrunde i eksamenslokalet. Deretter held eksamenskonsulenten kontakten med kommisjonsmedlemane, informerer om kor mange oppgåver som skal sensurerast, sender ut oppgåvene og annan informasjon, sender ut påminningar til dei som skal laga oppgåver og gå besøksrunde i eksamenslokalet. Sensorrettleiing skal alltid sendast ut til både intern og ekstern sensor.

E. Programstyremøte og lærarmøte: Dei formelle programstyremøta tek seg hovudsakleg av meir overordna spørsmål knytt til evaluering og utvikling (t.d. studieplanendringar). Studiekonsulenten for faget er sekretær for programstyret og skriv innkalling til og referat frå møta i samråd med fagkoordinator. I tillegg skal faga òg ha meir uformelle lærarmøte, som følgjer opp praktiske spørsmål knytt til undervisninga. Fagkoordinator kallar kvart semester inn dei tilsette på faget til minst to slike lærarmøte. Møta skal drøfta neste semesters undervisning, fordeling av eksamensarbeid, tildeling av rettleiar til masterstudentar, pensumendringar og eventuelt andre spørsmål fagkoordinator ønskjer å ta opp. Dei fast tilsette på faget og studiekonsulenten deltek på lærarmøta. Studiekonsulenten er ikkje sekretær på lærarmøta. Fagkoordinator kan i tillegg kalla inn andre etter behov. (For engelsk kan dei uformelle lærarmøta vera felles eller disiplinvise).

F. Godkjennings- og innpassingssaker: INNPASSINGSSAKER (utdanningar frå andre norske studiestader): Studieleiaren og studiekonsulentane har oversyn over utdanningar som er førehandsgodkjende og har fullmakt til å svara på desse søknadene utan å rådføra seg med fagkoordinator. I tilfelle der innpassingsspørsmålet ikkje kan avgjerast ut frå førehandsgodkjenningar, skal saka sendast over til fagkoordinator (EngHK) som har ansvaret for å gjera den faglege vurderinga. Fagkoordinator (EngHK) kan rådføra seg med andre tilsette på faget, men det er fagkoordinator (EngHK) som skal melda konklusjonen skriftleg tilbake til studieseksjonen, som deretter skriv svarbrev til søkjaren.

GODKJENNINGSSAKER (utdanningar frå utanlandske lærestader): Desse sakene blir behandla av studierettleiar ved instituttet. Studierettleiar sender sakene over til fagkoordinator (EngHK) som har ansvaret for å gjera den faglege vurderinga. Fagkoordinator kan rådføra seg med andre tilsette på faget, men det er fagkoordinator som skal melda konklusjonen skriftleg tilbake til studierettleiar, som deretter sender svarbrev til søkjaren.

G. Studentkontakt: Fagkoordinatoren (EngHK) er kontaktperson for studentane og fagutvala.

H. Evaluering: Programsensorrapportar og evalueringar skal leggjast fram til drøfting i programstyret. Fagkoordinatoren (EngHK) har ansvar for den vidare oppfølginga av programsensorane og oppfølginga av evalueringar og programsensorrapportar. Fagkoordinator avgjer i samråd med programstyret kor ofte emna skal evaluerast, innanfor minstekravet om 1/3 av emna kvart år, og lagar ein plan for gjennomføringa av emneevalueringane. Emneansvarleg har ansvar for planlegging og gjennomføring av emneevaluering og emnerapport, men fagkoordinator skal følgje opp emneevalueringar og emnerapportar i samarbeid med emneansvarleg.

I. Utvalet for undervisning og internasjonalisering: Fagkoordinatorane er medlemer av Utvalet for undervisning og internasjonalisering ved instituttet.

J. Nasjonale fagråd: Fagkoordinatorane (EngHK) representerer vanlegvis faget i det nasjonale fagrådet.

K. Andre oppgåver: Fagkoordinatoren er kontaktperson for spørsmål om undervisninga på faget dersom ikkje spørsmåla kan handterast reint administrativt

 

3. Viktige datoar og fristar 

Merk at fristane knytt til eksamens- og undervisningsplanlegging kan variere noko frå år til år. Administrasjonen sender ut nærmare informasjon i forkant av fristane.   

15. FEBRUAR: Programstyra handsamar alle emneevalueringane frå føregåande kalenderår og eigenevaluerer programma på grunnlag av desse. Fagkoordinator skriv utkast til eigenevaluering for programmet, og legg det fram for programstyret til diskusjon. Programstyra oppdaterer samstundes rulleringsplanar for dei meir omfattande emneevalueringane som skal gjennomførast kvart 3. år, jf. modell for kvalitetsarbeidet ved UiB. 

1. MARS: Eigenevaluering av alle studieprogram skal sendast til undervisningskoordinator og studieleiar.   

5. MARS: Innmelding av timeplanar og eksamensdatoar for EVU-emna (haust)

15. MARS: Fagkoordinator sender informasjon om eksamens- og undervisningsplanlegging for hausten til eksamenskonsulenten, på grunnlag av skjema som blir sendt ut.   

15. MARS: Frist for å melde inn alle behov for vikarar og andre mellombelse tilsetjingar til undervisninga på faget for komande haust.  

15. APRIL: EpN opnar for planlegging av neste vårsemester og fagmiljøa kan begynne å legge inn revideringar i emne i EpN.   

1. MAI: Planlagde emneplanendringar som fører til endring i ressursbruk skal meldast til instituttleiar, som må godkjenne endringane før handsaming i programstyret. 

INNAN 1 JUNI: Fagkoordinator må stadfeste eller melde om endringar i oversyn over neste semesters eksamensdatoar og undervisning til eksamens- og undervisningskonsulenten, og sikre at det er lagt ut litteraturliste i Leganto på alle emne i faget. 

1. JUNI: Frist for vedtak i programstyra for endringar i emne gjeldande frå og med kommande vårsemester. Endringane sendast til fakultetet for godkjenning og vedtak. 

1. JUNI: Programma som skal gjennomføre 5-årig programevaluering bør leggje ein plan for korleis arbeidet skal følgjast opp i haustsemesteret, fram mot fristen 1. desember.  

15. JUNI: Fagkoordinator minner alle emneansvarlige om fristen for å sende inn skjema for eigenevaluering av våremne (frist for emneansvarlege: 30. juni)  

10. SEPTEMBER: Innmelding av timeplanar og eksamensdatoar for EVU-emna (vår)

15. SEPTEMBER: Frist for å melde inn alle behov for vikarar og andre mellombelse tilsetjingar til undervisninga på faget ditt for komande vår.  

1. OKTOBER: Fagkoordinator sender informasjon om eksamens- og undervisningsplanlegging for våren til eksamenskonsulenten, på grunnlag av skjema som blir sendt ut.

1. NOVEMBER: EpN opnar for ny planlegging av neste haustsemester og fagmiljøa kan begynne å legge inn revideringar i emne og studieplantekstar i EpN.   

15. NOVEMBER: Planlagde emneplanendringar som fører til endring i ressursbruk skal meldast til instituttleiar, som må godkjenne endringane før handsaming i programstyret.  

INNAN 1 DESEMBER: Fagkoordinator må stadfeste eller melde om endringar i oversyn over neste semesters eksamensdatoar og undervisning til eksamens- og undervisningskonsulenten, og sikre at det er lagt ut litteraturliste i Leganto på alle emne i faget.   

1. DESEMBER: Programma som skal gjennomføre 5-årig programevaluering sender evalueringa inn til undervisningskoordinator og studieleiar.   

15. DESEMBER: Frist for programstyra å handsama endringar i studieplanar og emneomtaler for påfølgjande haustsemester (emne) og studieår (studieplanar).  

15. DESEMBER: Fagkoordinator minner alle emneansvarlige om fristen for å sende inn skjema for eigenevaluering av haustemne (frist for emneansvarlege: 30. desember).

 

 

4. Funksjonstid og vikarordning


Fagkoordinatorane sit normalt i vervet den same fireårsbolken som instituttleiaren. Alternativt kan instituttleiar velja å engasjera ein fagkoordinator for ein toårsperiode. Instituttleiar kan oppnemna vikar for fagkoordinator, t.d. ved forskingsterminar, lengre sjukefråvær o.a.

4. Timekompensasjon


Timekompensasjon for vervet er fastsett av instituttleiar. På dei ulike faga vert vervet som fagkoordinator godskrive i arbeidstidsrekneskapen kvart semester med fylgjande timetal:

Spansk: 192 arbeidstimar

Engelsk: 160 ((EngHK)/96 arbeidstimar

Arabisk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk og tysk: 160 arbeidstimar