Hjem
Institutt for fremmedspråk

Retningsliner for instituttrådet ved Institutt for framandspråk

Vedtekne av instituttrådet 5. februar 2020, og gjeld frå og med valet av nye representantar til instituttrådet våren 2022.

Hovedinnhold

Desse retningslinene utfyller følgjande overordna regelverk:

- UiBs regelsamling pkt. 1.3.2 (Reglar for styringsorgana ved fakulteta og institutta),

- Reglar for styringsorgana ved fakulteta og institutta, utfyllande reglar ved Det humanistiske fakultet (sist endra av fakultetsstyret 29.10.2019)

 

1. Mandat og oppgåver

Instituttrådet er det øvste representative organet ved Institutt for framandspråk. Instituttrådet skal behandla, gjera vedtak på vegner av instituttet og gje innstilling til fakultetet eller anna overordna organ i saker som gjeld:

• forskings- og forskarutdanningsmelding og andre strategi- og resultatdokument som vert utarbeidde av instituttet

• omstillings- og omorganiseringsplanar

• budsjettframlegg, årsbudsjett, årsrekneskap

• vesentlege endringar i instituttet sitt studietilbod, slik som oppretting eller nedlegging av studieprogram

I andre saker er instituttrådet eit rådgjevande informasjons- og kontaktorgan mellom instituttleiaren, alle tilsette og studentane.

I tillegg til den type saker som instituttrådet skal behandla, kan instituttrådet be om å få framlagt og uttala seg om kva sak som helst så lenge ho ikkje er unnateke behandling i samsvar med lov, føreskrifter, reglement eller sentrale vedtak ved universitetet.

2. Delegering

Instituttrådet har delegert oppfølginga av undervisningssaker slik, med den avgrensinga som går fram av fjerde kulepunkt under Mandat og oppgåver:

• Programstyra har ansvaret for å vedta og endra emne- og studieplanar.

• Andre undervisningssaker er delegerte til Utvalet for undervisning og internasjonalisering (UUI)

3. Representasjon

Instituttrådet ved Institutt for framandspråk har elleve medlemar og er sett saman slik:

• Gruppe A, fast tilsette i undervisnings- og forskarstilling, har seks representantar: instituttleiar og fem valde representantar frå dei fast vitskapleg tilsette ved instituttet.

• Gruppe B, mellombels tilsette i undervisnings- og forskarstilling, har ein representant.

• Gruppe C, administrativt tilsette, har ein representant.

• Gruppe D, studentar, har tre representantar.

I tillegg møter administrasjonssjefen som sekretær utan røysterett.

Kvar av gruppene (A, B, C og D) ugjer éin samla valkrins for seg.

Funksjonstida er fire år for representantane frå gruppe A og gruppe C, eitt år for representantane frå gruppe B og gruppe D. Valstyret ved Institutt for framandspråk organiserer vala. Sjå elles regelverket for gjennomføring av val ved Universitetet i Bergen.

4. Saksbehandling og møtepraksis

Møta i instituttrådet er opne. Instituttleiar ved Institutt for framandspråk er leiar av rådet og legg fram sakene. Innkalling skal sendast ut minst tre dagar før møtet. Sakspapir kan ettersendast eller leggjast fram i møtet om nødvendig. Rutinane for saksbehandling, møteleiing, referat m.m. følgjer dei normalreglane som universitetstyret har fastsett.

Møtet er vedtaksført når meir enn halvparten av medlemane er til stades og røystar. Ved likt stemmetal, avgjer instituttleiar med dobbeltrøyst.