Tysk

Tyskstudiet skal øve studentane i praktisk språkdugleik (skriftleg og munnleg) og gi dei innsikt i tysk språk og dei tyskspråklege landas litteratur, kultur og samfunnsforhold.

Tyskstudiet kvalifiserer for undervisning på alle nivå innanfor skoleverket og for anna arbeid både i offentleg og privat sektor der kunnskap om språk, litteratur og kultur er viktig. Masterstudiet kan dessutan danne grunnlag for seinare forskarutdanning innan tysk språk- eller litteraturvitskap.

Nyttige lenkjer:

Fagkoordinator: Sissel Lægreid

Studierettleiar: Guro Sandnes

Studietilbod: Bachelor og master. UiB tilbyr òg årsstudium i tysk.