Hjem
Institutt for fremmedspråk

Fagutval

Fagutvala gjer ein viktig jobb for at du skal trivast som student, både fagleg og sosialt. Her finn du informasjon om fagutvala ved IF.

Hovedinnhold

Kva er eit fagutval?

Fagutvala er faglege og fagleg-sosiale utval. Fagutvala tek vare på studentane sine interesser. Instituttet ønskjer at det skal være eit fagutval på kvart fag.

I fagutvala samlast interesserte studentar som ynskjer å bidra til fagmiljøet, anten ved å jobbe med spørsmål som er fagleg relatert, eller med sosiale tiltak. Som regel gjer fagutvala litt av begge delar.

Om du lurer på om det fins eit fagutval på ditt fag, ta kontakt med studierettleiar eller fagkoordinator.
 

Kven kan vere med?

Uansett om ein er ny student på faget eller har vore student i fleire år, kan ein vere med i eit fagutval. Det er ingen grense for kor mange som kan vere med i eit fagutval, alle får vere med.
 

Kva faglege aktivitetar kan fagutvala jobbe med?

Fagutvalet vert spurde i saker som vedkjem det faget utvalet er knytt til. Eit døme på dette er at medlemmar i fagutvalet kan sitje i programstyret. Der vert saker som er viktige for faget tekne opp og studentane har stemmerett.

Fagutvala har òg fått avsett ein dag i kvart vårsemester til Fagkritisk dag, kor ein skal ha høve til å stille fagkritiske spørsmål. Her kan ein arrangere foredrag, debattar, ekskursjonar eller anna som kan setje lys på ulike sider ved faget.
 

Kva fagleg-sosiale aktivitetar kan fagutvala drive med?

Fagleg-sosiale aktivitetar er òg ei kjekk og viktig side ved fagutvala. Døme på typiske arrangement er faglunsjar, fagfestar, filmkveldar eller liknande. Dette er både sosialt og ein uformell måte å nærme seg faget på.

Kan ein få økonomisk støtte frå instituttet?

Instituttet kan støtta søknader frå fagutvala om fagleg-sosiale arrangement for studentane. Søknad med grunngjeving og budsjett skal sendast på e-post til instituttet ved post@if.uib.no. Arrangement som skal få støtte, bør styrka det sosiale miljøet mellom studentane på faget, helst også ha eit visst fagleg innslag og dessutan vera ope for alle studentane på faget (eventuelt alle studentane på eit visst studienivå av faget, t.d. alle masterstudentar). Instituttet dekkjer ikkje utgifter til alkohol.

Utgiftene blir dekka i etterkant via BetalMeg