Gå til innhold
English A A A

Heiderspris til nettspansk


Flott pris til Nettspansk ved IF. Prisen vert tildelt av dei Nordiske og Baltiske fjernundervisningsorganisasjonane. Tildelinga skjer i Stockholm

Boldic Award2.JPG

Åse Johnsen mottar prisen fra Jakob Sletten, NFF.

 Åse Johnsen vil motta prisen på vegner av Nettspansk. Åse er fagleg leiar av prosjektet og har følgd og drive det fram sidan starten. Ana Beatriz Chiquito er òg ein nøkkelperson i denne samanhengen, sidan ho har utvikla innføringskurset Libro-ELE som hjelper studentane opp på eit nivå der dei kan følgja 100-nivåtilbodet Nettspansk. Fleire dugande lærarar har gjort ein framifrå innsats på dei ulike kursa gjennom fleire år, m.a. Inger Olsbu, Mihaela Kvamme, Hans Erik Bugge, Håkon Tveit, Ellen Høisæter og Alejandro Huidobro. 

 

Sidan 2003 har Nettspansk i samarbeid med SEVU stått for spanskundervising tilsvarande meir enn 450 årseiningar, noko som gjer tilbodet til eit av dei største ved HF. Vi kjenner ikkje grunngjevinga for tildelinga enno, men evalueringar viser at studentane har vore svært fornøgde med Nettspansk. Gjennomstrøyminga har vore god, og resultata har òg vore gode. 

 

Eg gratulerer alle som har vore involverte i Nettspansk.

Vennleg helsing

Leiv Egil Beivik

 

 

Åse Johnsen mottar prisen

Åse Johnsen mottar prisen fra Jakob Sletten, NFF

Sist endret: 9.10.2009