Programmøte med Språkfolk
Språkfolk er ei tekstutviklingsbedrift som vart stifta i 2006 av to nyutdanna studentar frå HF. Bedrifta tilbyd hjelp i alle fasar av publiseringsprosessen og tek på seg alt frå tekstforfatting og prosjektleiing til språkvask og omsetjing.
Onsdag 29. april kjem Språkfolk til UiB for å halde ein presentasjon av bedrifta og fortelle om sine erfaringar med å starte eiga bedrift med språk som produkt.
Presentasjonen er særskilt relevant for studentar på Språk og informasjon, særs dei som no er ferdige med bachelorgrada, men også studentar som tek ei språkutdanning eller har lyst til å starte for seg sjølv etter studia.
Meir informasjon om foretaket finn du på www.sprakfolk.no og http://www.ba.no/nyheter/arbeidogpenger/article4200204.ece.
Programmøtet vert arrangert av bachelorprogram i Språk og informasjon.
Vel møtt!