Språkvariasjon i Mellom-Amerika
Det spanske språket i Mellomamerika har tradisjonelt sett vore eit nokså ukjent forskingsområde, og dei få arbeidi som har til den dag i dag vorte publiserte har diverre ikkje ytt mykje til å få eit nært syn over dei trekk som kjenneteiknar det spanske språket der. Mange av desse arbeidi har vorte utførte av språkinteresserte, ikkje av lingvistar, noko som vidare har ført til upressise og subjektive omgrep om språket og variantane sine i området.
Leiar: Prof. Miguel Ángel Quesada Pacheco (Spansk språk og latinamerikastudier).
Prosjektet tek sikte på å skildra det notidige spanske språket i Mellomamerika med variantane sine, med utgangspunkt i felles metodologiske grunnlag såvel innafor dialektologi (særleg språkgeografi) som innafor sosiolingvistikk. Hovudføremål er å få ein breiare og djupare kunnsakp om det spanske språket i denne språkleg sett svært dårleg og ufullstendig utforska luten av det spanskamerikanske kontinentet. Delmål er: a) innhenting av språkdata ved hjelp av dialektologiske og sosiolingvistiske metodar. og b) bearbeiding av dei innsamla data (korpus).
Forskingi støtter seg på metodar og arbeidsteknikkar innan språkgeografi og sosiolingvistikk (sjå t d Francisco Gimeno (1990). Dialectología y sociolingüística españolas. Universidad de Alicante; Robert Hammond & Melvyn Resninck (1988). Studies in Caribbean Spanish Dialectology. Washington: University of Georgetown University Press; Francisco Moreno (1998). Principios de sociolingüística y sociologïa del lenguaje. Barcelona: Ariel), og er samansett av fire deler: dialektologi, sosiolingvistikk og språkkontakt.
-
-
Sosiolingvistikk
Med omsyn til den sosiolingvistiske delen, har dette prosjektet knytt seg til eit større språdatainnsamlingsprosjekt med namnet PRESEEA, som står for Proyecto para el Estudio del Español de España y de América og som vert leia av prof. Francisco Moreno ved Universidad de Alcalá de Henares.
-
-
Finansiering/driftsmidlar
Dette forskingsprosjektet har aldri fenge store driftsmidlar. Til no har det vorte finansiert bl a gjennom fylgjande kjelder: