Gå til innhold
English A A A
20.04.2010 Nyhet

SPINF-dagen "for the win"!

Kronikk, etikk, pragmatikk og wienerbrød var noko av innhaldet då Bachelorprogram i språk og informasjon inviterte programstudentane til SPINF-dag.

Kunnskapstørste studentar. Frå venstre: Marita Evensen, Nina Søreide, Elin Stensvand og Nadia Kamli.

Kunnskapstørste studentar. Frå venstre: Marita Evensen, Nina Søreide, Elin Stensvand og Nadia Kamli. Foto: Fagutvalet ved SPINF

Presentasjon av emnet i Digital Kultur ved Daniel Apollon

Kva gjer teknologien med mennesket? Presentasjon av emnet i Digital Kultur ved Daniel Apollon Foto: Fagutvalet ved SPINF

Deltok på SPINF-dagen 2010. Frå venstre: Nadia Kamli, Kristina G. Nilsen, Hanne S. Misje og Sivert Syrstadeng.

Deltok på SPINF-dagen 2010. Frå venstre: Nadia Kamli, Kristina G. Nilsen, Hanne S. Misje og Sivert Syrstadeng. Foto: Fagutvalet ved SPINF

Direktør Elin F. Styve ved Formidlingsavdelinga om informasjonsarbeid

Direktør Elin F. Styve ved Formidlingsavdelinga bad studentane ta vare på den etiske refleksen som framtidige informasjonsmedarbeidarar. Foto: Fagutvalet ved SPINF

SPINF-alumni Vibeke Nordang jobber no i informasjonsavdelinga til Bergen Kommune. Jobben fekk ho via programemnet i Praktisk Informasjonsarbeid.

SPINF-alumni Vibeke Nordang jobber no i informasjonsavdelinga til Bergen Kommune. Jobben fekk ho via programemnet i Praktisk Informasjonsarbeid. Foto: Fagutvalet ved SPINF

Det vart ein lang dag men nyttig dag for Malene H. Sørensen og Kristine Høyland

Det vart ein lang dag men nyttig dag for Malene H. Sørensen og Kristine Høyland Foto: Fagutvalet ved SPINF

Tekst: Hanne S. Misje, Fagutvalet ved SPINF
Foto: Hanne S. Misje, Hild M. Rød, Sivert Sydstadeng (Fagutvalet ved SPINF)

Det hadde lenge vore snakk om å arrangere ein SPINF-dag der målet var å auke interessa og kunnskapen rundt programfaga ved bachelorprogrammet i Språk og Informasjon. Programfaga kjem seint i programmet og dette har ført til at studentane slit litt med motivasjonen, og ofte bytter til andre program der dei kan velje meir sjølv. Håpet var at SPINF-dagen skulle motvirke dette, med at studentane no fekk vete kva programfaga dreidde seg om. I tillegg så er kullfølelsen låg på programmet, og SPINF-dagen var ein måte å samle studentane på.

                       

Så endeleg kom dagen, 17. februar. Folk var litt motvillige til å melde seg på, men dagen blei avvikla likevel. Det heile starta med ein gratis lunsj i 2. etg av Sydneskantina. Dette meiner fagutvalget var veldig positivt. For det første så lokka nok ein gratis lunsj ein del fleire med, og for det andre var det kjekt med ein litt uformell setting der ein kunne prate laust over ein matbit. Etter ca ein halvtime lunsj gjekk turen vidare til presentasjoner av dei ulike programemna.

 

Først ute var Ivar Utne med presentasjon av Praktisk Informasjonsarbeid - PRAKTINF. PRAKTINF blir framstilt som eit særs populært emne, der studentane både har ”vanleg” undervisning, og er i praksis i ei studierelatert bedrift i Bergen. Faget gjev studentane følelsen av korleis det er å jobbe med informasjonsarbeid, og kva arbeidsoppgåvene går ut på. Tidlegare studentar har sagt at dette er eit av dei beste emna på programmet, og alle til stede på møtet virka veldig positive til faget.

 

Andre mann ut var Daniel Apollon frå emnet Digital Kultur (DIKULT102). Her var det snakk om kva teknologien gjer med mennesket, og omvendt, og om informasjons- og kommunikasjonsteknologi. Dette faget er det som det tidlegare har vore mest misnøye med, mange tidlegare studentar har sagt at faget er vanskeleg og at dei ikkje ser nytten i det. Dei fleste studentane me snakka med følte at det var ein interessant presentasjon av emnet, og at det kom til å bli spennande å sjå kva ein kom til å gjere i emnet.

 

Etter ein kort pause fortsatte Johan Myking med ein presentasjon av nordisk-emnet brukstekst og pragmatikk. Dette er eit emne som studentane skal ta siste semesteret av programmet. Her var det snakk om språkbruksanalyse og sjangeranalyse av brukstekster. Det kom klart fram at dette er eit nyttig fag når det gjeld informasjonsarbeid.

 

Siste emnepresentason blei gitt av Lise Decourtiat og emnet var TRANSHF – oversetting. Lise er seminarleder for fransk ved emnet og forklarte korleis undervisninga var i faget og korleis seminaret fungerte, med at det var eit seminar per framandspråk. Dette faget har ingen avsluttande eksamen, i staden for skal studentane levere inn ei mappe med oppgåver dei har gjort gjennom semesteret.

 

Etter er ein ny pause var det bedriftsbesøk, noko studentane såg veldig fram til. Dette var ein mulighet til å høyre korleis informasjonsarbeid faktisk blir utført. Første besøk var frå formidlingsavdelinga ved UiB. Direktør ved Formidlingsavdelinga Elin Folgerø Styve holdt presentasjonen. Ho byrja med å forklare kva formidlingsavdelinga er og kva arbeidsoppgåver dei har. Formidlingsavdelinga har mellom anna ansvaret for utgjevelsen av På Høyden og Hubro, samt forskningskommunikasjon og råd om media og kommunikasjon. Ein viktig del av presentasjonen hennar gjekk på etikk, og eit viktig moment var at det er etikk som skiljer informasjonsarbeid frå reklame.

 

Deretter var det tid for at tidlegare studentar ved SPINF skulle snakke om kva dei gjorde på no, og etter studiane. Første alumni ut var Silje Morlandstø, som no arbeider i NextGentel. Ho behandler tyngre klagesaker og prøver å introdusere kontakt med kunder gjennom sosiale medier som Twitter og Facebook.

 

Etter det var det Vibeke Nordang som skulle presentere. Ho fekk jobben sin gjennom praksis i PRAKTINF og jobber som informasjonsarbeider i Bergen Kommune. Ho fekk jobben samtidig som ho tok mastergrad i engelsk ved UiB. Ho forklarte at ho jobber mykje med å ta bilder, skrive og lage reportasjer.

 

Sistemann ut var Ann Christin Foss som no jobber i Bygdanytt, ei lokalavis for Arna og Osterøy. Ho hadde vore innom litt andre jobber før ho fekk jobb som marknadskonsulent i Bygdanytt.

 

Det var veldig nyttig og kjekt å høre frå gamle studentar og dei kom med mange nyttige tips. Dei meinte det var viktig å byrje å tenkje på jobb før ein var ferdig med studiane, og fleire av dei studentane byrja i vikarbyrå og hadde mange småjobber før dei fann seg det dei jobber med i dag. Det er viktig å ikkje gje opp, den rette jobben kjem som oftast ikkje med ein gang etter studiane. Ein annan viktig faktor var å leggje masse arbeid i jobbsøknaden sin, jobbe med formuleringer og ein idé er kanskje å skrive eit innhaldsbrev om seg sjølv.

 

Alt i alt opplevde studentane dagen som svært nyttig. Det var veldig greitt å få ei innføring i programemna, slik at vi fekk vite kva det går ut på og kva vi kan forvente oss. Det som var mest hjelpsomt for oss studentar var nok besøket frå tidlegare studentar. Alle rosa PRAKTINF opp i skyene, noko som gjorde dei fleste veldig spente på faget og dei gav oss mange gode råd, både under og etter studiane. Det var kjekt å høyre frå nokon som har tatt akkurat det me studerer, og som no jobber med ein relevant jobb.

 

Dei studentane fagutvalet snakka med hadde omtrent berre positive tilbakemeldinger frå dagen. Den var kanskje litt lang, ettersom den ikkje var ferdig før klokka 5. Fagutvalet hadde planer om fagøl etter SPINF-dagen, men folk var slitne så det blei ikkje noko av. Men alt i alt var det ein veldig vellykka dag som absolutt bør gjerast igjen.

Velkommen til SPINF-dagen 2010

Deltakarar på SPINF-dagen et velkomstlunsj i Sydneskantina Foto: Fagutvalet ved SPINF

Sist endret: 7.7.2010

Relevante studieprogram