Gå til innhold
English A A A
15.04.2011 Nyhet

Alumnusfest for Språk og informasjon

Fredag 29. april vert det gjensynstreff for noverande og tidlegare studentar ved bachelorprogrammet Språk og informasjon på HF-puben Ad Fontes.

Invitasjon Alumnusfest SPINF

Invitasjon til alumnusfest for Språk og invitasjon er sendt ut til tidligare og noverande studentar.

Alumnusfesten er eit av tiltaka i alumnusprosjektet "På jobb med framandspråk" ved Institutt for framandspråk. Det er Hanne S. Misje, Hild M. Rød og Sivert Syrstadeng frå fagutvalet for Språk og informasjon som står for planleggjinga og gjennomføringa av heile arrangementet, med bistand frå programstyret.

Festprogrammet inneheld både faglege og sosiale element, mellom anna presentasjonar av yrkesvegar, foredrag om informasjonsarbeid og ikkje minst god mat. HF-revyen står for underhaldninga og vil spele utdrag frå den siste revy-forestillinga. Ad Fontes stiller med festlokale og friviljuge bak bardisken.

Med nærare 40 påmeldte har arrangementet utsikter til å romme både gjensynsglede og nye bekjentskap. Alumnane byr noverande studentar på ein unik moglegheit for å knytte kontaktar med samfunns- og næringsliv. Alumnane jobbar med relevante oppgåver i mellom anna offentleg forvalting, kommunikasjonsbyrå, teleselskap, språktenester, folkehøgskulane og mediebedrifter.

Sist endret: 15.4.2011

Relevante studieprogram