Gå til innhold
English A A A
04.05.2011 Nyhet

Vellukka alumnusfest for Språk og informasjon

Med midlar frå Alumusrådet ved UiB og Det humanistiske fakultetet arrangerte Bachelorprogram for Språk og informasjon (SPINF) saman med fagutvalet gjensynstreff for noverande og tidlegare studentar på programmet. Tapas, praksisplassar, yrkespresentasjonar og revy var ingrediensane i eit særs vellukka alumnustiltak.

Fagutvalet for Språk og informasjon var festarrangør. F.v. Hanne S. Misje, Hild M. Rød og Sivert Syrstadeng.

Fagutvalet for Språk og informasjon var festarrangør. F.v. Hanne S. Misje, Hild M. Rød og Sivert Syrstadeng. Foto: Ingunn Voster

Johan Myking ønskte deltakarane på alumnusfesten velkommen.

Johan Myking ønskte deltakarane på alumnusfesten velkommen. Foto: Ingunn Voster

Ivar Utne presenterte praksisplassar og dei ulike vegvala alumnane ved programmet har teke.

Ivar Utne presenterte praksisplassar og dei ulike vegvala alumnane ved programmet har teke. Foto: Ingunn Voster

Llekker tapas frå SiB Catering.

Lekker tapas frå SiB Catering. Foto: Ingunn Voster

Alumnar presenterer vegval

Alumnane fortalde om livet etter SPINF. F.v. Ole Gjuv Pedersen, Eva Steigen, Marit Asheim og Silje Morlandstø. Foto: Ingunn Voster

Revy 1

HF-revyen stod for underhaldninga på alumnusfesten. Foto: Ingunn Voster

Revy 2

- Kva er ei fartsgrense? undrar Sokrates og Platon frå HF-revyen. Foto: Ingunn Voster

Alumnane Astrid Merete Hole (f.v.) og Silje Morlandstø tykte det var kjekt å møta att gamle studievener.

Alumnane Astrid Merete Hole (f.v.) og Silje Morlandstø tykte det var kjekt å møta att gamle studievener. Foto: Ingunn Voster

Alumnar SPINF 2

Jane Brit Sande (f.v.), Kristine Johannessen og Thea C. Lerfald tykte det var inspirerande å høyre om dei ulike yrkesvegane med SPINF. Foto: Ingunn Voster

Alumnusfesten er eit av to tiltak i alumnusprosjektet ’På jobb med framandspråk’ ved Institutt for framandspråk. Tiltaket vert ein pilot for korleis andre fag og program ved instituttet kan gjennomføra gjensynstreff. Festen vart derfor arrangert for det yrkesretta bachelorprogrammet Språk og Informasjon i HF-puben Ad Fontes 29. april.

I bresjen for alumnus

Fagleg leiar av programmet Johan Myking ønska dei frammøtte velkommen med ein tale som famna om både opphavet til ordet ’alumnus’, historikken til programmet og bakgrunnen for sjølve arrangementet og UiB si alumnussatsing.

– Heilt sidan oppstarten har SPINF vore eit program som har vore i forkant, derfor er det heilt naturleg at programmet òg går i bresjen med alumnus-arrangement, sjølv om det no er nedlagt, meinte han.

Praksis gjer moglegheit for jobb

Ivar Utne, som er ansvarleg for det obligatoriske programemnet Praktisk Informasjonsarbeid (PRAKTINF), tok over ordet og gav eit utførleg oversyn over det mangfaldet av praksisplassar som SPINF-studentar har vore på, kopla opp mot innhaldet i emnet.

– Alle dei stadene der me har hatt studentar i praksis, har informasjonsavdelingar – la det inspirera dykk når de skal søkja jobb! oppmoda han publikum. Ivar tok vidare for seg arbeidsmarknaden for alumnane og formidla data frå ei intern undersøking gjort av studiekonsulenten for programmet. Undersøkinga syner at rundt 60 % av alumnane er i arbeid, mange av dei i stillingar knytt til informasjon, kommunikasjon og språk. Av dei resterande alumnane held rundt 35 % framleis på med vidare studium.

Varierte vegval

Etter ein nydeleg tapasbuffet levert av SiB Catering, var det alumnane sin tur til å fortelja, og tilhøyrarane fekk innsyn sju alumnar sine vegval etter studia. Her var alt frå lærar og masterstudium til teamleiar og informasjonskonsulent representert.

Marit Asheim, som kom frå Oslo i anledning festen, supplerte graden i SPINF med ei bachelorgrad i journalistikk og jobbar i dag som informasjons-konsulent for folkehøgskolane. Sentrale arbeidsoppgåver er marknadsføring for alle folkehøgskulane i Noreg, drifting av nettsider og sosiale media, og utforming av avisbilag. Ho har stor nytte av begge bachelorgradane i jobben sin.

- Følg med på nett og Twitter

Silje Morlandstø fekk napp hjå Nextgentel gjennom vikarbyrået Adecco, og byrja å jobba i kundeservice der. Svara ho sendte kundane vart lagt merke til, og ho vart snart flytta over til reklamasjonsavdelinga, kor ho i dag er teamleiar med personalansvar. I følgje Silje er det klare parallellar mellom arbeids-oppgåvene ho har og SPINF-utdanninga. Både klagehandsaming og leiing stiller store krav til kommunikasjon. Ho oppmoda SPINF-arane til å følgja med på nettsidene til bedrifter dei tykkjer er interessante.

– Det kan dukka opp stillingar på nettsidene som ikkje vert lyst ut andre stader. Og det er dessutan svært lurt å promotera seg sjølv på sosiale nettstader som LinkedIn og Twitter, tipsa ho.

Underhaldande tidsreiser

Det offisielle programmet for kvelden vart avrunda av HF-revyen, som underhaldt med innslag frå revy-
oppsetjinga tidlegare i vår, til stor fornøyelse for publikum. Ramma for sketsjane var ei tidsreise gjennom ulike historiske epokar, som svartedauden, filosofane i det antikke Hellas, og opptakta til første verdskrig. Etter siste tidsreise oppmoda fagutvalet til mingling og fri fest, noko som vart godt teke i mot.

God respons frå dei inviterte

Fagutvalet for Språk og informasjon har i fleire månadar planlagt arrangementet, og dei stod òg for utforminga og gjennomkøyringa av programmet for kvelden. Med stø stemmar og stø hender sørgja dei for dekka bord, velkomstdrikk og for å leie publikum gjennom innslaga. Og responsen lot ikkje vente på seg – deltakarane var svært nøgde med festen. Alumnane Silje Morlandstø og Astrid Merete Hole meldte seg på festen for å treffa att gamle klasse-kameratar og lærarar, og var heilt klare på at dei ville meldt seg på igjen.

– Kjempekoselig kveld. Dette må bli ein tradisjon! meinte Astrid. Dei tykte det var interessant å høyra korleis programmet har utvikla seg, og at medstudentane har gjort så mykje forskjellig etter studia. Som alumnar opplevde jentene at det var noko eige med det samla og gjennomtenkte løpet i SPINF, og at det er vanskeleg å skjøna at programmet no vert avvikla.

- Kjempegodt tiltak

For Kristine Johannessen, som vart ferdig med SPINF i 2010, og Jane Brit Sande og Thea C. Lerfald som framleis studerer, var motivasjonen for å komma på fest først og framst å høyra kva jobbar alumnane har fått etter studia. Dei fekk absolutt valuta for oppmøtet.

– Det var kjekt å få så mange døme på kor folk har fått jobb. Det er svært inspirerande med tanke på eigen yrkesveg, sa Jane Brit Sande. – Alumnusfest er eit kjempegodt tiltak, og me kjem gjerne igjen, smilte dei i kor.

Tapas frå SiB Catering

Tapasbuffet frå SiB Catering. Foto: Ingunn Voster

Sist endret: 4.5.2011

Relevante studieprogram

Relaterte nyhetssaker