Gå til innhold
English A A A
08.07.2011 Nyhet

Mange karrierevegar for studentar på framandspråk

Alumnusprosjektet ’På jobb med framandspråk’ ved Institutt for framandspråk gjev resultat: Fjorten intervju med framandspråk-alumnar i jobb er lagt ut på nettsidene til instituttet, og fleire er på veg.

Kandidatar med framandspråk hamnar mellom anna på kontor som dette.

Kandidatar med framandspråk hamnar mellom anna på kontor som dette.

Intervjua syner at det er stor variasjon i kva vegar framandspråkstudentar tar ut i arbeidslivet, og at studia i stor grad er relevant i jobbane dei får. 

Mange moglegheiter med språk

Kjellfrid Reite, som har mastergrad i engelsk, har alltid meint at språkstudium opnar for mange moglegheiter så lenge ein sjølv er open og har innsatsvilje. Ho rår framandspråkstudentar til å gripe dei sjansane som kjem og få røynsle med fleire jobbar, før ein landar på noko meir langsiktig. Ho jobbar no hovudsakleg med omsetjing for to firma i tillegg til at ho er lærar i akademisk skriving.

Å velje ei utdanning som i seg sjølv ikkje er yrkesretta kan gjere det vanskeleg å vite kva type jobbar ein kan søkje. Masterkandidat i russisk, Malin Dahlberg, meiner at dette kan vere ein føremon. – Det fører kanskje til at ein leiter breiare og dermed endar opp i ein utruleg spanande jobb, som ein ikkje ein gong visste fanst! seier kommunikasjonsrådgjevaren i sitt intervju.

Relevant utdanning

Men det òg finst døme på at språkutdanninga er direkte relevant for jobben ein får. For masterkandidat i spansk språk og latinamerikastudium Hanne Krogstadmo var temaet for masteroppgåva og kunnskapen om språket, regionen og kulturen utslagsgjevande då ho fekk jobben som programkoordinator i Regnskogfondet. Ho er ansvarleg for organisasjonen sine prosjekt i Bolivia og Peru. Det same var tilfelle for Kristin Løyning Narozanski, som har same mastergrad. Ho har fått draumejobben på Costa Rica sin ambassade i Oslo, eit land ho har utvikla eit nært forhold til gjennom utvekslingsopphald i studietida.

Målet med prosjektet ’På jobb med framandspråk’ er å synleggjere yrkesvegar kor språk er relevant. Konklusjonen så langt er at kandidatar med bakgrunn i framandspråk kan brukast i eit mangfald av bransjar og sektorar, frå utdanningssektoren til det private næringslivet. Den raude tråden er kommunikasjon. Du kan lese meir om alumnane og deira karrierevegar ved å følgje denne lenka.

Sist endret: 11.7.2011

Relaterte nyhetssaker