Fullt hus med nye forskarar ved IF
Aldri før har så mange nye stipendiatar troppa opp samstundes ved Institutt for framandspråk (IF). Ti nye stipendiatar byrjar ved instituttet. Åtte er allereie på plass, og dei to siste kjem om nokre månader.
Fem av dei nye stillingane vart lyste ut som opne stipend, der søkjarar frå ulike språk og disiplinar kunne konkurrera. To stillingar var øyremerkte engelsk fagdidaktikk, ei stilling var sett av til arabisk språk, og dei to siste er knytte til det nye, NFR-finansierte CONVAR-prosjektet innanfor historisk engelsk lingvistikk.
Havet, byen og faget
Anna Heermann frå Tyskland er ein av dei nye stipendiatane.
- Kvifor valde du å søkja stipendiatstilling i Bergen?
- Eg vart først kjent med romania-tysk litteratur her ved instituttet for nesten sju år sidan då eg kom hit som Erasmus-student. Kurset var svært interessant, og professor Sissel Lægreid var veldig engasjert som seminarleiar. Sidan den gongen drøymde eg om å kunna bli stipendiat her sidan eg ikkje kunne sjå føre meg noko betre enn å jobba i eit miljø som har prega interessa mi så mykje. I tillegg synest eg blandinga mellom klassisk litteratur og samtidslitteratur er balansert på ein god måte i tyskfaget ved instituttet. Og ikkje minst likar eg Bergen og havet her. Noregs kultur, litteratur og språk begeistra meg allereie før eg kom hit første gongen, og i Tyskland studerte eg ved sida av tysk òg nordisk filologi, fortel Heermann.
Prosjektet hennar handlar om oppfatninga av "heimat" (heim) hjå den rumensk-tyske forfattaren Herta Müller og austerrikske Franz Innerhofer.
- «Heimat» er ein del av den tyske identiteten som alltid har fascinert meg. Omgrepet viser ikkje berre til ein føde- eller bustad, det viser samstundes til identifikasjon med og det å høyra til kulturen, tradisjonen og menneska på denne staden. I tysk og tyskspråkleg kultur har «Heimat» for det meste blitt idealisert, til dømes blir «Heimat» sett på som den beste staden i verda, og det blir sagt at det berre finst éin «Heimat». Herta Müller og Franz Innerhofer meiner omgrepet «Heimat» ikkje alltid treng vera noko positivt. Erfaringane deira i livet, som speglar seg i protagonistane, viser at «Heimat» òg har ei mørk side, at «Heimat» faktisk kan vera «unheimlich» og visa seg i eit totalitært system som sender ein i eksil, og endar opp med å gjera ein heimlaus. Å setja lyset på denne mørke sida av «Heimat»-omgrepet og visa nye perspektiv både på dette omgrepet og på verk av Herta Müller, trur eg blir svært spennande.
Engelsk
Denne gongen kjem engelskfaget svært godt ut og har fått heile sju av dei ti nye stipendiatane ved Institutt for framandspråk. I tillegg til CONVAR-prosjektet og engelsk fagdidaktikk, fekk engelsk litteratur to og engelsk lingvistikk ei av dei opne stipendiatstillingane. Dei tre siste av dei nye phd-ane fordeler seg med ein på arabisk språk, ein på latinamerikansk kulturkunnskap og altså Anna Heermann i tyskspråkleg litteratur.
Forskingsleiar Margareth Hagen ved Institutt for framandspråk er godt nøgd med at instituttet har fått ei stor gruppe av nye stipendiatar.
- Dei nye stipendiatane er ein stor rikdom for forskinga og fagmiljøet ved Institutt for framandspråk. Stipendiatane representerer fleire språk og disiplinar og bringer med seg spennande og solide forskingsprosjekt. Forskarutdanningsreforma ved HF fører med seg at doktorgradskandidatane i større grad enn før skal integrerast i forskarmiljøa ved instituttet gjennom å ta del i seminar, gjesteforelesingar og i forskargrupper. På denne måten vil stipendiatane våre kunna spela ei viktig rolle i å skapa eit levande og godt forskarmiljø ved instituttet på tvers av dei mange fag, seier Hagen.
Motiverande
Av dei nye stipendiatane kjem fleire frå utlandet. Anna Heermann er ei av desse.
- Kva trur du er dei største skilnadene mellom å vera stipendiat i Tyskland og i Noreg?
- Dei tre største skilnadene for meg er den motiverande arbeidsatmosfæren på instituttet, støtta som eg får frå phd-rettleiaren min Sissel Lægreid og støtta frå alle kollegane. Etter litt meir enn to veker her kjenner eg meg allereie som ein del av instituttet, fortel Heermann.
Ei stor gruppe nye stipendiatar er på plass ved Institutt for framandspråk. Framme f.v.: Hild E. Hoff, Nafeesa Nichols, Sigrid Ørevik, Anna Heermann og Siri Vevle. Bak f.v.: Frank Weigelt, Kristian A. Rusten og Persijn Marius de Rijke. Foto: Arve Kjell Uthaug
Sist endret: 22.8.2012
Nyheter fra Institutt for fremmedspråk
- Universitetsstyret har i møte 29. november vedtatt å opprette et bachelorprogram i kinesisk (30.11.2012)
- Studentrepresentant vil stemme mot hyppigere forskningsterminer i universitetsstyret (29.11.2012)
- UiO-rektor Ole Petter Ottersen etterlyser større satsing i humaniora (29.11.2012)
- Slår et slag for humaniora i jussen (22.10.2012)
- Arabisk styrkes som skolefag (28.06.2012)
Relaterte nyhetssaker
- Nye ph.d.-kandidatar ved AHKR 2012 (14.11.2012)
- Fortsatt plassar på rettleiarseminar (08.10.2012)
- Food and Fury (04.10.2012)
- Ny doktorgradsrekord (24.08.2012)
- Forsøksdyrlære del 1 (20.08.2012)
- Forskerutdanning