"Russisk opna dører"
- Totalt sett har russisk opna ekstremt mange dører for meg. Det sa journalist og gründer Siri Lill Mannes under karrieredagen ved Institutt for framandspråk (IF). Mannes og fleire andre tidlegare språkstudentar delte erfaringane sine med dagens studentar.
Sidan dagens studentar er morgondagens jobbsøkjarar, inviterte IF til karrieredag for studentane ved instituttet 26. september. Kva kan ein bruka ei språkutdanning til etter at døra i HF-bygget glir att bak ryggen for siste gong?
Tilfeldig
- For meg var det veldig tilfeldig at det vart språk eg studerte, fortalde Mannes. Eigentleg var ho bestemt på ikkje å studera språk. Likevel enda ho opp med å læra seg russisk i forsvaret, før ho gjekk vidare med faga russisk og historie ved Universitetet i Bergen. Kombinasjonen av russisk og medieerfaring gav henne stilling i TV2, der ho arbeidde som journalist fram til 2010. Som fersk utanriksreporter fekk ho ansvaret for å dekkja ein ikkje ubetydeleg del av landarealet på jordkloden, nemleg Afrika og det som den gongen var Sovjetunionen.
- Då eg kom til Afrika, var faktisk russisken verdfull, fortalde ho. Ho møtte mange i Afrika, og også i Kina då ho seinare kom dit, som hadde utdanninga si frå Sovjet og snakka russisk. Både i Russland, Kaukasus og her i Noreg fekk Mannes bruk for russiskkunnskapane sine som journalist. Stundom var denne kompetansen heilt essensiell, som i møte med den avhoppa russiske livvakta Aleksandr Voda, som kom til Noreg frå krigen i Tsjetsjenia utan anna språk å ta seg fram på enn russisk. Etter kvart skreiv Mannes boka Livvakt i Helvete saman med Voda.
Blikk mot aust
Instituttleiar Leiv Egil Breivik opna karrieredagen for vel førti frammøtte. Han var glad for å kunna fortelja at Universitetet i Bergen for alvor har retta blikket vidare austover og er i ferd med å få på plass både kinesisk og japansk som normalt utbygde fag. Japansk får snart si andre stilling, og kinesisk ser òg ut til å få to stillingar på plass i løpet av neste år. Målet er å byggja opp begge faga til master- og ph.d.-nivå.
- Både japansk og kinesisk er i ferd med å bli utbygde på instituttet, sa Breivik og viste til at 125 millionar menneske snakkar japansk og ein milliard kinesisk.
- Men det er framleis mange som heng fast i gamle forestillingar om at det er dei vest-europeiske språka som er dei viktigaste, sa Breivik som òg streka under at faga ved instituttet skal gje både danning og praktiske språkferdigheiter. IF ønskjer å satsa på både dei tradisjonelle europeiske språka og andre viktige verdsspråk som kinesisk, japansk og arabisk.
Spekter
Tidlegare språkstudentar frå ulike sektorar av arbeidslivet deltok under karrieredagen for studentane. Eirik Boge stilte frå HR-avdelinga i BKK, Franciska Hamre Aabrek frå Bergen Handelsgymnas og Siv Gjerde Aardal frå Bergen Arkitekthøgskole. NHH-stipendiat Anne Lise Ly snakka om «Språk, vegen til interkulturell kompetanse» og UiB-stipendiat Bodil Moss om «Satire, strek og språk: Den guddomlege komedien i nynorsk drakt». Sjølvstendig næringsdrivande Susan Johnsen deltok under Karrieredagen. Det same gjorde Evelyn Jordahl frå Karrieresenteret.
Journalist og gründer Siri Lill Mannes ville ikkje studera språk. Men russisk vart døropnar til ein variert karriere både utalands og i Noreg. Mannes er no dagleg leiar i kommunikasjonsbedrifta SpeakLab. Foto: Arve Kjell Uthaug
Sist endret: 21.11.2012
Nyheter fra Institutt for fremmedspråk
- Universitetsstyret har i møte 29. november vedtatt å opprette et bachelorprogram i kinesisk (30.11.2012)
- Studentrepresentant vil stemme mot hyppigere forskningsterminer i universitetsstyret (29.11.2012)
- UiO-rektor Ole Petter Ottersen etterlyser større satsing i humaniora (29.11.2012)
- Slår et slag for humaniora i jussen (22.10.2012)
- Arabisk styrkes som skolefag (28.06.2012)