Gå til innhold
English A A A
28.11.2012 Nyhet

Prosjektet LINGCLIM – om språkets rolle i formidling av klimakunnskap – er tildelt midler fra SAMKUL-programmet i Forskningsrådet.

Kjersti Fløttum sitt prosjekt Linguistic representations of climate change discourse and their individual and collective interpretations (LINGKLIM) er eitt av dei 11 forskarprosjekta som har fått støtte i programmet Samfunnsutviklingens kulturelle forutsetninger (SAMKUL).

Professor Kjersti Fløttum. (Foto:Eli Kristine Korsmo)

Professor Kjersti Fløttum. (Foto:Eli Kristine Korsmo)

 

Treårig prosjektperiode

Tidsrammen er 2013-2015 og budsjettet er totalt på på om lag12 mill. Prosjektet får 8–9 millionar kroner over 3 år. Denne løyvinga dekkjer m.a. ei postdoktorstilling og ei forskarassistentstilling i heile perioden. Prosjektet tek sikte på å undersøkje i kor stor grad og på kva måte språk har innverknad på handlingane våre i klimaspørsmålet. Prosjektet er tverrfagleg, og prosjektleiar vil samarbeide med kollegaer ved andre fakultet ved UiB og ved NHH og NTNU. Ein vil støtte seg til eit internasjonalt nettverk på om lag 20 forskarar. 3 av desse vil bli inviterte  til UiB som gjesteforskarar i 1 månad; i  2013: dr. Nelya Koteyko, University of Leicester (lingvistikk); i 2014: dr. Michael Jones, Harvard University (statsvitskap); i 2015: professor Chantal Pacteau, CNRS – Pierre et Marie Curie Paris VI (kognitiv vitskap).

Andre deltakarar  i prosjektet er professor Trine Dahl, frå NHH, og frå UiB – professor Gisela Böhm (psykologi), professor Helge Drange (geofysikk/Bjerknessenteret) og førsteamanuensis Elisabeth Ivarsflaten (Sampol). I tillegg vil prosjektet samarbeide med ein norsk gjesteforskar, professor Marianne Ryghaug, NTNU (kulturstudium),

Prosjektet vil tilsetje ein postdok og en forskningsassistent gjennom heile perioden – 2013-2015.

Hypotese om språkleg påverknad

Hypotesen i prosjektet er at ei språkleg framstilling påverkar korleis vi assosierer og aktiverer kunnskap og dermed påverkar kva konklusjonar vi trekk i ei sak. Ved hjelp av språkanalyse, spørjeundersøkingar og psykologiske eksperiment skal ein få meir kunnskap om fortolkinga av klimaendringar.

– Vi språkforskarar kan seie mykje om språket, men gjennom eit samarbeid med andre vitskapsgreiner kan vi læra meir om opinionen, korleis språket vert brukt i klimaforsking og formidlinga av det vert tolka i samfunnet, seier Fløttum.

Ho trur at også klimaforskarane sjølve er opptekne av språk og formidling.

– Mange klimaforskarar er klare over at dei har store utfordringar når det gjeld formidlinga av forskinga si. Dette vert også diskutert i tidsskrift for klimaforsking, korleis ein skal kome ut med bodskapet sitt. Det har vore ein fantastisk respons frå forskarar eg har snakka med. Det gjer at eg gler meg endå meir til å starte med prosjektet og jobbe med ei problemstilling eg kjenner folk er entusiastiske over, seier Fløttum.

 

Sist endret: 28.11.2012