Gå til innhold
English A A A

Forsking, søknader og finansieringskjelder


Bergens forskningsstiftelse (BFS)

Bergens forskningsstiftelse (BFS) ønskjer å rekruttera talentfulle unge forskarar frå alle fagdisiplinar til Universitetet i Bergen. Prosjekta som får støtte, vert finansierte av BFS og UiB i fellesskap. Fristen for første søknadsrunde er i mars kvart år. Søknader skal sendast gjennom instituttet. Dei som arbeider med søknader, må drøfta prosjektet med institutt og fakultet i god tid før søknadsfristen i mars. Ein god søknad og gode evner som forskar og forskingsleiar er ikkje nok. Sidan forskingsleiaren normalt vil få fast stilling ved insituttet etter prosjektperioden, vil det òg bli lagt avgjerande vekt på fagstrategi og stillingsprioriteringar ved instituttet og fakultetet.

 

Bergen universitetsfond

Søknadsfristen til Universitetsfondet er 1.12. Det kan hovudsakleg søkjast om støtte til formidling og publisering av forskingsresultat og til konferansar, seminar og workshops. Søknader skal sendast inn elektronisk av søkjaren. Instituttleiar skal stå oppført som administrativt ansvarleg, og den som søkjer, må levera ein kopi av søknaden til instituttet ved administrasjonssjefen. Større søknader skal alltid drøftast på førehand med instituttleiar eller forskingsleiar ved instituttet.

 

Erasmus lærarutveksling

Tilsette ved instituttet kan søkja om lærarutveksling innanfor Erasmus-programmet. Kontakt forskingskonsulent Jan A. Johansen eller administrasjonssjef Arve Kjell Uthaug dersom du ønskjer å reisa til eit europeisk universitet under denne ordninga. Det er to årlege søknadsfristar ved UiB: 15. februar og 15. september. Instituttet må få søknaden nokre dagar før sjølve søknadsfristen. Johansen eller Uthaug sender vidare søknaden til Utdanningsavdelinga, med kopi til fakultetet, i ePhorte.

Instituttet løyver ikkje pengar til lærarutvekslinga i tillegg til stipendsumen frå Erasmus.

 

Fagerbergpengar

Universitetsstyret har, som ei oppfølging av Fagerbergutvalet, bestemt at alle fast tilsette forskarar som har til saman minst tre publiseringspoeng over den siste treårsperioden, skal få 20.000 kroner i individuelle driftsmidlar. Midlane kan brukast til reiser, bokkjøp og andre forskingsrelevante utlegg. Pengane kan ikkje overførast til neste år.

 

Forskingsterminar

Søknader om ordinær forskingstermin for komande år skal leverast på eit eige skjema til Anne Hestnes i ekspedisjonen seinast 1. mai.

Etter seks års teneste vil fast tilsette i vitskapleg stilling normalt ha rett til eitt års forskingstermin, eventuelt eit halvt års forskingstermin etter tre års teneste. Instituttet kan likevel ikkje garantera forskingstermin til alle som har tilstrekkeleg oppteningstid. Som det går fram av UiB-reglementet, kan t.d. budsjett og undervisningsbehov gjera at det ikkje blir gitt forskingstermin til alle som har tilstrekkeleg opptening. Den tilsette skal ha hatt normale undervisnings- og administrasjonsplikter, og det skal leggjast fram ein tilfredsstillande plan for forskinga i terminen.

Professorar, førsteamanuensar og amanuensar har rett på forskingstermin. Universitetslektorar har ikkje rett på forskingstermin, men instituttleiar kan i særlege høve gjera unntak frå denne regelen.

Semester med fødselspermisjonar eller kvalifiseringsstipend for kvinner gjev vanleg opptening til forskingstermin. Periodar med langtidssjukmelding gjev normalt ikkje opptening.

Seinast to månader etter at forskingsterminen er avslutta skal det leverast rapport til instituttet ved forskingskonsulenten.

 

Heimesider for forskargruppene ved instituttet

Ta kontakt med forskingskonsulent Jan A. Johansen om spørsmål som gjeld heimesider for forskargruppene ved instituttet. Leiarane av forskargruppene må sjå til at informasjonen på heimesidene er oppdatert.

 

Hjelp til å setja opp søknader og budsjett

Ta kontakt med forskingskonsulenten ved instituttet for å få hjelp med søknad og budsjett når du søkjer om forskingsmidlar. Ved større søknader vil vi normalt kontakta ekspertisen ved fakultetet for å få hjelp med budsjetteringa. Det er derfor viktig at forskingskonsulent eller administrasjonssjef blir kopla inn i god tid og at vi får eit budsjettutkast seinast fjorten dagar før søknadsfristen.

 

Instituttstøtte til forsking og publisering

Instituttrådet vedtok i 2011 å avslutta ordninga med påskjøningsmidlar til rettleiarane av master- og doktorgradsstudentar. Frå og med 2012 er det derfor slutt på tildelinga av slike midlar. I staden blir ein tilsvarande sum sett av til a) støtte til forsking og publisering etter søknad og b) ein fast sum til drifts- og bokmidlar for alle i fast vitskapleg stilling.  

(1) BOKPENGAR: Kvar fast vitskapleg tilsett får 3000 kroner årleg i individuelle bok- og driftsmidlar. Pengane blir lagde inn på analysenummer til den enkelte og kan brukast til bøker o.a. utlegg til forskingsføremål. Ubrukte bokmidlar blir ikkje overførte til neste år.

Bøker som skal brukast til undervisninga, blir derimot dekka av fellesmidlane ved instituttet. Slike innkjøp må merkast med "undervisning". Bokkjøp som ikkje er merka med "undervisning", blir i utgangspunktet belasta analysenummeret til den enkelte.

(2) FORSKINGS- OG PUBLISERINGSSTØTTE ETTER SØKNAD: Instituttet tildeler kvart år midlar etter søknad. Første søknadsfrist er i slutten av året før (1. november), og neste frist er 10. mars.

(3) PENSJONISTAR: Sidan pensjonistar som framleis er rettleiarar, normalt ikkje vil få forskingsstøtte frå instituttet (jf pkt 2 over), har desse fått ei særordning når det gjeld påskjøningsmidlar. Pensjonistane vil framleis få påskjøningsmidlar for studentar og stipendiatar dersom rettleiinga tok til før instituttet vedtok å avvikla påskjøningsmidlane sommaren 2011. Rettleiingsforhold som har teke til etter dette, vil ikkje gje påskjøningsmidlar.

Kvalifiseringsstipend for kvinner

Som ein del av arbeidet for jamstilling mellom kjønna, har fakultetet sett av midlar til kvinnelege førsteamanuensar som vil freista å kvalifisera seg til professor. Søknad om kvalifiseringsstipend skal sendast instituttleiar, som vurderer om søknaden skal støttast og sendast vidare til endeleg vurdering ved fakultetet. Det kan søkjast om midlar til frikjøp, opphaldsutgifter, litteratur og anna drift. Det kan gjevast frikjøp i inntil to semester og tildelast maksimum 200.000 kroner.

            Det er ingen spesiell søknadsfrist.

 

Meltzersøknader

Søknadsfristen til Meltzerfondet er 1.12. Søknader skal sendast inn elektronisk av søkjaren. Instituttleiar skal stå oppført som administrativt ansvarleg, og den som søkjer, må levera ein kopi av søknaden til instituttet ved administrasjonssjefen. Større søknader skal alltid drøftast på førehand med instituttleiar eller forskingsleiar ved instituttet.

 

Publiseringsstøtte og krav til søknad

 

Instituttet gjev i visse tilfelle støtte til utgjeving av bøker. Føremålet er å sikra publisering av verdfulle forskingsresultat i form av bøker der det økonomisk sett vil vera vanskeleg å få til ei utgjeving.

For å få støtte må publikasjonane gje utteljing i teljekantsystemet på nivå 1 eller helst på nivå 2.

Søknader om publiseringsstøtte må følgjast av eit brev frå forlaget som inneheld:

1) opplysningar om når publikasjonen vil bli gitt ut

2) budsjett for utgjevinga, som inkluderer både utgifter og forventa inntekter

3) orientering om forfattaren får inntekter frå publikasjonen, og kor eventuet kor store dei forventa forfattarinntektene er

I visse tilfelle kan det bli betalt ut publiseringsstøtte på forskot for ei bok som kjem ut neste år. Det er i så fall eit krav at arbeidet med boka er godt i gang det året pengane vert utbetalte, og det må sjølvsagt leggjast ved brev frå forlaget med informasjon om pkt 1-3 over.



 

Smådriftsmidlar

Støtte gjennom såkalla smådriftsmidlar har dei siste åra vore ei viktig finansieringskjelde for forskingstiltak ved instituttet. Denne ordninga har vore eit spleiselag mellom Noregs forskingsråd, universitetet sentralt og fakultetet. Kvar søknad kan tildelast mellom 15.000 og 150.000 kroner, og det er gitt støtte til konferansar, forskingsopphald, publikasjonar, vitskapleg assistanse o.a. Forskingsrådet legg til grunn at midlane går til ”gode enkeltforskere/forskergrupper som ikke har store driftsmidler allerede”.

 

Språkvask

Fakultetet kan gje støtte til språkvask av artiklar, bokkapittel, monografiar og konferanseinnlegg/-papers (òg elektronisk publisering). I tillegg kan førebuing av større internasjonale prosjekt få midlar under denne ordninga. Søknaden skal sendast fakultetet, og det er ingen spesiell søknadsfrist.

I 2010 er det ikkje sett av midlar til språkvask ved fakultetet.

 

Tenester frå Uni Digital

Avtalar om assistanse frå Uni Digital må alltid klarerast med instituttleiar. På eksternfinansierte prosjekt må utgiftene dekkast av prosjektbudsjetta. Har ein ikkje slike midlar, kan ein søkja om instituttstøtte til forskingsføremål, smådriftsmidlar o.a. innan dei fristane som gjeld.

Ved kjøp av tenester frå Uni Digital skal det utarbeidast ein skriftleg avtale som spesifiserer kva for oppgåver som skal utførast, og prisen for arbeidet.

 

Yggdrasil

Yggdrasil er eit mobilitetsprogram i regi av Noregs forskingsråd, og målsetjinga er å styrka internasjonaliseringa av norsk forsking. Under dette programmet kan utanlandske stipendiatar og yngre forskarar få økonomisk støtte til opphald frå ein til ti månader ved ein norsk forskingsinstitusjon. Ordninga gjeld yngre forskarar frå ei rekkje land både i og utanfor Europa.

            Søknadsfristen er tidleg i vårsemesteret. Søkjarane bør ha ein fagleg kontaktperson ved instituttet, og dei må kontakta forskingskonsulent Jan A. Johansen for å få invitasjonsbrev. Yggdrasil-stipendiatar som treng hjelp til å finna husvære i Bergen, må kontakta instituttet ved Johansen i god tid før opphaldet.

 

 

Instituttet kan ikkje ta på seg ansvaret for eventuelle feil i informasjonen over. Dersom nokon finn feil og manglar i informasjonen, er vi takknemlege for å få vita dette slik at vi kan retta det opp.

 

Sist endret: 24.5.2012

Last ned filer