Gå til innhold
English A A A

Praktisk informasjon


Aviser og tidsskrift

Kvart fag ved instituttet kan abonnera på ei avis og eitt tidsskrift som blir dekka av fellesmidlane ved instituttet. Fagkoordinator kan kontakta Anne Hestnes, som hjelper med tinginga.

 

Brevark

Instituttet har offisielle brevark på nynorsk, bokmål og engelsk. Ta kontakt med Anne Hestnes i administrasjonen dersom du har behov for å bruka eit offisielt brevark. Hugs at brevet skal journalførast og arkiverast dersom saka er arkivverdig. Administrasjonen hjelper med dette.

 

Emeriti, arbeidsplass

Institutt for framandspråk disponerer arbeidsplassar for pensjonistane våre på felleskontor i Joachim Frieles gate 1, tredje høgda. Det krevst ein viss fagleg aktivitet for å få tildelt arbeidsplass. Fakultetetet har vedteke eigne retningsliner for dette og laga eit eige søknadsskjema. Søknadsskjemaet skal sendast til instituttet ved administrasjonssjef Arve Kjell Uthaug.

Instituttet vil i utgangspunktet handheva krava i retningslinene lempeleg, men emeriti må rekna med å gje frå seg plassen dersom andre prioriterte behov dukkar opp.

 

Kontor, møblar og hyller

Spørsmål om hyller, møblar, lampar o.a. på kontora kan rettast direkte til Transportavdelinga. Spørsmål om nyinnkjøp skal rettast til Anne Hestnes (tlf 82281).

 

Kopimaskiner og skrivarar

Ta kontakt med Anne Hestnes (tlf 82860) i ekspedisjonen dersom det er problem med kopimaskiner og skrivarar.

 

Nøklar og nøkkelkort

Spørsmål om kontornøklar og nøkkelkort skal rettast til Anne Hestnes i ekspedisjonen (tlf 82340).

 

Parkering

1. Institutt for framandspråk har tre gratis parkeringsplassar: to av dei inne i parkeringshuset på Sydneshaugen (nr. 97 og 98) og ein av dei på taket av same parkeringshuset (nr. 2). Plassane blir tildelte etter søknad til instituttet ved administrasjonssjef Arve Kjell Uthaug, og søknadsfristen er 15. desember 2011. I tildelinga vil det bli lagt vekt på helsemessige behov, levering av born i barnehage o.l.

2. Eigedomsavdelinga har òg nokre parkeringsplassar til utleige. Meir informasjon om desse plassane, søknadsfrist og kriterie for tildeling ligg på intranettet.

3. Alle som er tilsette eller som studerer ved instituttet, kan søkja Eigedomsavdelinga om parkeringsoblat som gjev tilgang til dei umerka friplassane ved universitetet. Desse plassane er ikkje reserverte visse personar. Den som finn ein ledig plass, kan parkera bilen sin der.

 

Rekvisita

Rekvisita ligg på rom 241. Er det utstyr som manglar, kan du skriva dette opp på "mangellista" som ligg på dette rommet. Administrasjonen ordnar med bestilling av rekvisita frå UiBs faste leverandør. Enkeltmedarbeidarar skal ikkje, utan etter særleg avtale, kjøpa inn rekvisita. Kontakt Anne Hestnes dersom du har spørsmål om rekvisita (tlf 82340).

 

Teknisk utstyr til utlån

Instituttet har følgjande teknisk utstyr til utlån:  berbare prosjektørar (4 stk), videokanoner (2 stk), berbare pc-ar (3 stk), cd-/kassettspelarar, mini-opptakarar lyd (2 stk), hovudsett m/mikrofon (2 stk), digitalt spegelreflekskamera, videokamera. Ta kontakt med Anne Hestnes (anne.hestnes@if.uib.no, tlf. 82340).

 

Undervisningsrom

Undervisningskonsulenten hjelper med å bestilla rom både til undervisning og enkeltarrangement på dei ulike faga (Daae for engelsk og tysk; Hjelle for arabisk, fransk, italiensk og russisk; Rongevær for spansk og japansk). Problem med utstyr o.a. i undervisningsromma kan takast opp med undervisningskonsulentane.

I tillegg finst det pc-vakter som yter auditorieassistanse. Pc-vakt for Sydneshaugen skule når du på tlf 480 96 662, for HF-bygget på 905 13 077 og for Dragefjellet på 555 89501. Meir informasjon om auditorieassistanse ligg ute på nettet, saman med oversyn og bilete av dei ulike romma.

 

Visittkort

Instituttet dekkjer utgifter til visittkort, og den enkelte kan sjølv tinga kort direkte.

Sist endret: 15.12.2011