Gå til innhold
English A A A

Sensur og evaluering


Eksterne sensorar til eksamen

Instituttet kan i dei fleste tilfelle velja om det skal brukast anten to interne eller ein intern og ein ekstern sensor i eksamensvurderinga på eit emne. Men i visse tilfelle er det eit krav at kommisjonen skal ha med ein ekstern sensor. Dette gjeld:

- alle munnnlege eksamenar
- all sensur av masteroppgåver (350-emne)
- all sensur av klagesaker

Ein person som skal brukast som ekstern sensor, må alltid vera oppnemnt som ekstern sensor ved fakultetet.

Programsensorar

Både faga og dei tilrettelagte studieprogramma skal ha eksterne programsensorarar (tilsynssensorar), som skal vurdera undervisninga. Fagkoordinator tek initiativ til å få oppnemnt programsensor for sitt fag. Fagleg ansvarleg for studieprogram tek initiativ til å få oppnemnt programsensor for sitt program. Den administrative oppfølginga av programsensorordninga ved instituttet er skissert i eigne retningsliner.

 

Sensurering av masteroppgåver

Følgjande reglar gjeld for sensurering av masteroppgåver (350-emne) ved Institutt for framandspråk frå og med november 2008:

  • Rettleiar er ikkje med i eksamenskommisjonen.
  • Det skal vera ein intern og ein ekstern medlem, i tråd med det nasjonale minstekravet.
  • Før sensurmøtet skal kommisjonen ha eit møte med rettleiar, der rettleiar gjer greie for (a) fagområdet som masteroppgåva er knytt til og (b) kva type og kor mykje hjelp som er gitt med redigeringsarbeidet. Ekstern sensor styrer dette møtet. På sjølve sensurmøtet deltek berre dei to medlemene av eksamenskommisjonen. Det skal gjevast ein offisiell karakter på oppgåva (den skriftlege delen av 350-emnet). Ved karakterfastsetjing skal det fokuserast på det ferdige produktet, ikkje på prosessen.
  • Intern og ekstern sensor har begge eit medansvar for avviklinga av munnleg eksamen. Intern sensor startar eksamineringa, og stiller vanlegvis dei fleste spørsmåla (så sant ikkje dei to sensorane blir samde om ei anna fordeling). Dersom det er usemje om karakteren, skal synet til den eksterne sensoren vega tyngst.
  • Det er utarbeidd ei sensorrettleiing som skal sendast til alle som blir oppnemnde som sensorar (interne og eksterne). Sjå pdf-fil under.

Retningslinene over er godkjende av instituttleiar oktober 2008.

 

 

Videokonferanse

Sjå IT under husreglane.

Sist endret: 18.1.2012

Last ned filer