Gå til innhold
English A A A

Retningsliner for emneansvarlege


Retningsliner for emneansvarlege ved Institutt for framandspråk

godkjende av Instituttrådet 16. mai 2012

1. Vervet

Det skal normalt vera ein emneansvarleg for kvart undervisningsemne ved instituttet. Fagkoordinator peikar ut og har oversyn over kven som er emneansvarlege. Den emneansvarlege har visse koordinerande oppgåver knytt til undervisninga på det aktuelle emnet og er underordna fagkoordinator. Det overordna ansvaret for emnetilbodet ligg hjå fagkoordinatoren, som m.a. fordeler undervisningsoppgåver mellom dei tilsette, bestemmer kva for eksterne lærarar som skal leigast inn på faget og held oversyn over det samla undervisningstilbodet på faget.

2. Arbeidsoppgåver

A. planleggja og følgja opp undervisninga i samarbeid med fagkoordinator og kollegar.

B. koordinera lærekreftene dersom det er fleire som underviser på emnet, eventuelt rettleia og følgja opp mellombels tilsette på emnet.

C. leggja opp og revidera pensum for emnet i samråd med andre faglærarar på disiplinen. Leggja ut pensumlista i Mi side innan 1. juni/1. desember. Gje melding til Studia om pensumbøker som skal bestillast inn og kompendium som skal trykkast opp.

D. evaluera emnet i følje plan for emneevalueringar laga av fagkoordinator.

E. dokumentera og skriva rapport i saker der det er mistanke om fusk og evt. vera med på møte med studenten.

3. Kompensasjon

Kompensasjon er fastset av instituttleiar. Oppgåva som emneansvarleg gjev normalt ti timar utteljing kvart semester. Visse særleg krevjande emne kan gje høgare utteljing, og inntil 25 timar i semesteret. Den høgare utteljinga gjeld først og fremst tverrfaglege emne.

Redigèr denne siden

Sist endret: 21.5.2012