Retningsliner for forskingsleiar
Førebelse retningsliner, godkjende av instituttleiar 16. august 2007.
1. Vervet
Instituttleiar peikar ut ein av dei fast vitskapleg tilsette ved instituttet til forskingsleiar. Leiarane av forskingsgruppene ved instituttet rapporterer til forskingsleiaren, og instituttleiar er hennar næraste overordna.
2. ArbeidsoppgåverForskingsleiar vil saman med instituttleiaren arbeida med planlegging, oppfølging og strategiske satsingar på forskingsfeltet. Følgjande arbeidsoppgåver går inn i vervet:
- delta i leiargruppa ved instituttet
- kalla inn til og leia møta i forskingsutvalet ved instituttet
- samarbeida med instituttleiar om prioriteringar og strategiske satsingar, inkludert vurdering av stipendsøkjarar og tildeling av forskingsmidlar
- følgja opp arbeidet med UiBs forskingsmelding o.a. liknande rapporteringar i samarbeid med forskingskonsulenten
- assistera instituttleiar i arbeidet med å etablera forskingsgrupper
- halda kontakt med leiarane av forskingsgruppene
- ta initiativ til evalueringar av forskinga og forskingsgruppene
- følgja opp forskarutdanninga i samarbeid med forskingskonsulenten
- delta i den rådgjevande gruppa til prodekanen for forsking (fakultetet)
I utvalet for forsking og formidling sit forskingsleiaren, leiarane av forskingsgruppene ved instituttet, forskingskonsulenten og eventuelt andre som instituttleiar oppnemner. Forskingsleiaren kallar inn til og leier møta. Forskingskonsulenten skriv referat og assisterer forskingsleiaren med saksførebuinga og innkallinga til møta.
4. FunksjonstidForskingskoordinatoren sit normalt i vervet den same fireårsbolken som instituttleiaren er tilsett for.
5. KompensasjonVervet som forskingskoordinator blir godskrive som 200 arbeidstimar pr semester i undervisningsrekneskapen.
UiB | Har du kommentarer av teknisk art til denne siden? | Bytt språk / Change languageSist endret: 13.1.2009