Gå til innhold
English A A A

Arabisk


Arabisk høyrer til den semittiske språkfamilien, til liks med til dømes hebraisk og amharisk, nasjonalspråket i Etiopia, og blir talt av rundt 200 millionar menneske i Midtausten og Nordafrika. Standard skriftleg arabisk er felles for alle utdanna arabarar, og det har endra seg lite i løpet av dei 1400 åra som har gått sidan profeten Muhammad levde. Språket i Koranen og det moderne avisspråket er i hovudtrekk det same. Dei dialektane som blir talte, har derimot store ulikskapar. I mellomalderen var arabisk berar av ein av dei rikaste vitskaplege og litterære kulturane i verda, og er framleis eit særs viktig språk både i religiøs og kulturell samanheng, og når det gjeld politikk og økonomi.

På grunn av den viktige rolla som arabisk spelar på det politiske og økonomiske området i dag, kan det vera interessant å kombinera dette språkfaget med fag som i seg sjølv opnar for ulike yrke. Arabisk kan med fordel kombinerast med til dømes handelsfag og marknadsføring, informasjonsvitskap, samanliknande politikk, offentleg administrasjon, utviklingsstudiar, mediefag eller journalistikk. Arabisk blir ofte kombinert med fag som historie, religionsvitskap, filosofi, Midtaustenkunnskap, sosialantropologi, kunsthistorie, lingvistikk og andre språk. Særskilt interessant og utfordrande er ein kombinasjon av arabisk og klassiske studiar.

Fagkoordinator: Shabo Talay

Studierettleiar: Guro Sandnes

Studietilbod: Bachelor og master

Sist endret: 21.11.2012