Engelsk
Emna på 100-nivå skal gi studentane ei grunnleggjande innføring i engelsk språk, i britisk og amerikansk litteratur, og i kultur og samfunnstilhøve i Storbritannia og USA. Oppøving av praktisk dugleik i engelsk er ein viktig del av studiet. Studiet i engelsk er teoretisk krevjande og føreset gode kunnskapar i engelsk. I tillegg til arbeid med fagstoffet tek studiet sikte på å utvikle både den analytiske evna til studentane og evna til å kommunisere best mogleg på engelsk. Her står seminarundervisning sentralt. Det blir sterkt tilrådd at studentane i løpet av studiet har eit opphald i Storbritannia eller i eit anna engelsktalande land. Instituttet arrangerer kvart semester studieopphald ved Det norske studiesenteret i Storbritannia (University of York). Opplysningar om studiesenteret og om andre aktuelle kurstilbod kan ein få ved å vende seg til instituttet.
Emna på 200-nivå tek sikte på å øve opp ei kritisk og sjølvstendig haldning gjennom større konsentrasjon og fordjuping enn det som er mogleg i den meir oversiktsprega innføringa på 100-nivå. Dette skjer mellom anna gjennom studium av utvalde emne i dei tre studiedisiplinane engelsk språk, engelskspråkleg litteratur og engelskspråkleg kultur. I tillegg til krava om større teoretisk innsikt og betre kunnskapar i faget, blir òg krava til språkdugleik større.
Fagkoordinator: Lene Johannessen
Studierettleiar: Kari S. Salkjelsvik
Studietilbod: Bachelor og master
Sist endret: 7.11.2012
- Europa
- USA
- Fremmedspråk
- Kulturhistorie
- Oversettelse
- Region
- Litteratur
- Historie
Les andre saker om tema:
Last ned filer
- COURSES OFFERED AT THE ENGLISH SECTION, SPRING SEMESTER 2013 (PDF-fil, 18 Kb)