Fransk
Fransk er eit romansk språk og vert dagleg tala av 60 millionar menneske i Frankrike og av om lag like mange utanfor landet sine grenser, andre stader i Europa, dessutan i Afrika og i Amerika. Fransk er arbeidsspråk i ei rekkje internasjonale organisasjonar.
Gode kunnskapar i fransk er sterkt etterspurde i ulike yrkessamanhengar. Mellom anna kvalifiserer dei fire emna på 100-nivå for undervisning i grunnskulen og den vidaregåande skulen. Det kan difor fungera som tilleggsfag for kandidatar frå dei pedagogiske høgskulane. Bachelorstudiet er òg grunnlag for vidare franskstudium på masternivå.
Gjennom studiet skal studenten øva opp evna til å skjøna og bruka moderne fransk skriftleg og munnleg. Studenten skal òg skaffa seg kjennskap til fransk språk- og litteraturvitskap. Det er lagt vekt på tileigning av kunnskapar og praktiske evner, men det er òg viktig at studentane byggjer opp ei sjølvstendig og reflekterande haldning til stoffet. Språk- og litteraturstudiet høyrer nøye saman. Gode språkkunnskapar trengst for å skjøna dei litterære verka, og inngåande kjennskap til eit representativt utval tekster er ein føresetnad for ei nyansert forståing av det franske språket. Difor er vekselspelet mellom desse to disiplinane grunnleggjande i studiet. På 100-nivå høyrer det òg med ei innføring i kultur og samfunnstilhøve i Frankrike og andre fransktalande land. Kulturkunnskapsdisiplinen dannar ein naudsynleg bakgrunn for språk- og litteraturstudiet.
Utveksling til Fransk-Norsk Språksenter i Caen er ein del av tilbudet i fransk årsstudium.
Dersom du ønskjer å få ein peikepinn på kva nivå du ligg på før du tar til med å studere fransk, kan du ta ein diagnostisk test.
Fagkoordinator: Odile Halmøy
Studierettleiar: Kari S. Salkjelsvik
Studietilbod: Bachelor og master. UiB tilbyr òg årsstudium i fransk.
Sist endret: 14.9.2011
- Kulturhistorie
- Fremmedspråk
- Region
- Oversettelse
- Europa
- Litteratur
- Historie