Gå til innhold
English A A A

Italiensk


Italiensk, som høyrer til dei romanske språka og altså går attende til latin, vert tala av oppunder 60 millionar menneske. Det er nasjonalspråk i Italia, og italiensk er eitt av dei fire offisielle språka i Sveits, der særleg kantonen Ticino er italienskspråkleg.
Italiensk er berar av ein særs rik kultur som gjennom tidene har gjeve djuptgripande impulsar til resten av Europa og verda i det heile. I vår tid spelar Italia ei sentral rolle så vel kulturelt som politisk og økonomisk.
Italiensk vil i studiesamanheng høva godt i kombinasjon med dei fleste humanistiske faga. Italiensk er valfag ved nokre vidaregåande skolar og folkehøgskular, men dersom ein tek sikte på å arbeida i undervisningssektoren, vert det tilrådd å kombinera italiensk med eit meir sentralt skolefag. Faget kan elles vera nyttig innan fleire yrkesområde, til dømes media, reiseliv, kunst, mote, omsetjingsverksemd osb.
God munnleg og skriftleg dugleik i det italienske språket slik det vert nytta i dag, er eit hovudmål for italienskstudiet på alle steg. Studentane skal på bachelornivå dessutan skaffa seg ein viss kjennskap til italiensk språk- og litteraturvitskap og til italienske kulturtilhøve i vid tyding. Språkstudiet og studiet av litteratur og kultur høyrer nøye saman. Gode språkkunnskapar er naudsynte for å kunna trengja inn i dei litterære tekstane, og samstundes er kjennskap til italiensk litteratur og til italienske samfunnstilhøve viktige føresetnader for å kunna meistra nyansane i det italienske språket.

Fagkoordinator: Marco Gargiulo

Studierettleiar: Guro Sandnes

Studietilbod: Bachelor og master.

Sist endret: 14.9.2011