Gå til innhold
English A A A

Spansk språk og latinamerikastudium


Spansk språk og latinamerikastudium tilbyd ei rekkje emne som alle fokuserer på den spanskspråklege delen av Latinamerika. Tre hovuddisiplinar går inn i studiet: (1) språk, (2) litteratur og (3) historie og kulturkunnskap. Spansk språk og latinamerikastudium kan med utbyte kombinerast med andre språkfag, allmenn litteraturvitskap, lingvistikk, historie, sosialantropologi, samanliknande politikk, medievitskap eller geografi. Emne frå faget går inn i fleire av dei tilrådde bachelorprogramma ved Det historisk-filosofiske fakultetet. Kombinasjonar som femner om utdanning frå andre fakultet, eller frå institusjonar utanfor universitetet, er òg moglege.

Studiet har både eit praktisk og eit teoretisk siktemål: Det skal leggja til rette for å øva opp språklege evner og utvikla forståinga av lingvistiske, kulturelle og litterære fenomen. På den måten er det både reiskapsfag for utdanning til yrke som krev solide kunnskapar om Latinamerika, og eit grunnlag for vidare fordjuping innan dei ulike forskingsfelta i latinamerikastudiet.

Internasjonalt samarbeid og samkvem skaper aukande behov for kompetanse i spansk språk og latinamerikansk kultur og historie. Av relevante yrkesalternativ kan nemnast: omsetjingsarbeid, bibliotek, massemedia, forlag, reiseliv, næringsliv, offentlege institusjonar (medrekna utanrikstenesta), hjelpearbeid, og liknande. Spansk er dessutan valfritt undervisningsfag i grunnskulen og vidaregåande skule. Årsstudiet i spansk språk og latinamerikastudium gjev formell kompetanse for denne undervisninga.

Fagkoordinator: Jon Askeland

Studierettleiar: Guro Sandnes

 

Dersom du ønskjer å få ein peikepinn på kva nivå du ligg på før du tar til med å studere spansk språk og latinamerikastudium, kan du ta ein [diagnostisk test].

Studietilbod: Bachelor og master. UiB tilbyr òg årsstudium i spansk språk og latinamerikastudium.

Sist endret: 14.9.2011