Rune Eresberg - Tekstar i Biovisjon AS
Etter at Rune Eresberg var blitt master var førstevalet å arbeide med fjernsynsteksting og omsetjing. Ønsket vart oppfylt etter at han fekk napp på ein open jobbsøknad. Hjå Biovisjon AS jobbar han med alt frå filmteksting med støtte i manuskript, til snøggteksting og omsetjing av nyheitssaker.
Kva grad har du?
Eg har mastergrad i engelsk frå UiB.
Korleis var det å studere engelsk?
No byrjar det å verte ein del år sidan, men eg hugsar eg hadde stort utbyte av litteraturførelesingane. Lingvistikken var ikkje heilt mi greie, men det var likevel gjennomgåande høgt nivå på alle førelesingane.
Kva for andre fag har du tatt?
Eg har studert IT i tre år ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen i Buskerud.
Kva skreiv du om i masteroppgåva?
“A comparative analysis of the drug subcultures portrayed in Fear and Loathing in Las Vegas by Hunter S. Thompson and Trainspotting by Irvine Welsh.”
Kva jobbar du med no, og korleis var vegen dit?
No jobbar eg i Biovisjon AS, tekstefirmaet som TV 2 nyttar. Etter utdanninga var førstevalet mitt å jobbe med fjernsynsteksting/omsetjing. Eg søkte opp ulike tekstefirma på nettet og sende førespurnadar til dei. Eg sende førespurnad i januar. Medan eg venta på svar, jobba eg som lærarvikar i engelsk ved Sogndal VGS. I juni vart eg oppringt med spørsmål om eg framleis var interessert i å byrje hjå dei. Vanlegvis lyt ein gjennom språktestar for å få jobb, men dei trong nokon med nynorsk som førstespråk så fort som råd var, så då pakka eg sakane mine og flytta til Bergen att i løpet av ein månads tid. I august var eg på plass på TV 2-huset.
Kva slags arbeidsoppgåver har du, og korleis er din arbeidsdag?
Eg har to inntektskjelder i jobben min for Biovisjon. Den eine er programteksting. Det vil seie seriar, filmar og dokumentarar som vert sende på TV 2 sine kanalar. Då får eg ei videofil og i dei aller fleste høve eit manus som eg kan jobbe med. Ein nyttar ein spesiell teksteprogramvare for å gjere jobben. Den lyt kjøpast på eiga hand viss ein vil jobbe heime, og kostar rundt 15 000 kroner. I Bergen er me så heldige at me også kan sitte på TV 2-huset og jobbe utan å kjøpe programvara.
Den andre er nyhendevakter. Der følgjer vakttidspunkta nyhendesendingane til TV 2, og me jobbar tett opp mot utanriksavdelinga. Her får me som oftast dagsaktuelle saker som skal på lufta 18.30 og 21.00. Desse sakene kan komme tre timar før dei skal på lufta, eller dei kan komme tre minuttar før. Dette gjer denne delen av jobben spanande, varierande og særs interessant. Me får inn alle slags språk. Difor er det ynskjeleg at ein kan fleire språk. Sjølvsagt er det tilfelle der me ikkje kan språket, så då lyt ein nytte tolkar på telefon for å få gjort jobben. I tillegg er TV 2 pålagde å tekste nyhendene for hørselshemma, så det vert også gjort av oss. Til saman er me fire på vakt kvar dag. To som tekstar utanriks og to som tekstar for hørselshemma, altså norsk til norsk som vert sendt på tekst-tv side 222.
Korleis er studiet i engelsk relevant for jobben din?
På den måten at ein lyt mestre engelsk særs godt. Det er mykje politisk engelsk og ofte vanskelege formuleringar. Det viktigaste i jobben er likevel å skrive god norsk, då det er det som kjem på lufta.
Har du nokon erfaringar eller råd du ønskjer å gi til ein som er interessert i å studere det same som deg?
Følg hjarta ditt. Brenn du for språk, studer språk. Ikkje studer noko som verkar lurt der og då, men som du eigentleg ikkje har interesse for. Eg lurte fælt på kva eg skulle bruke utdanninga til, då eg ikkje såg føre meg ei lærarkarriere. Men så dukka altså denne jobben nesten ut av det blå. Det ordnar seg for flinke studentar!
(Tilrettelagt av Marte R. Fjørtoft)
Sist endret: 21.3.2012
- Jobbmuligheter
- yrkesveier
- Engelsk
- Fremmedspråk