Gå til innhold
English A A A

Vibeke Vik Nordang - Kommunikasjonsrådgjevar i Statens pensjonskasse


Ein master i engelsk gir spesifikke språkkunnskapar som kjem til nytte i informasjonsarbeid. Vibeke Vik Nordang jobbar som kommunikasjonsrådgjevar i Statens pensjonskasse. Her er ho redaktør for intranettsida og arbeider med eit klarspråkprosjekt som har som mål å forbetre kommunikasjonen i bedrifta.

Kommunikasjonsrådgjevar i Statens pensjonskasse Vibeke Vik Nordang har studert engelsk ved UiB

Kommunikasjons-rådgjevar i Statens pensjonskasse Vibeke Vik Nordang har studert engelsk ved UiB Foto: Privat

Kva grad har du?

Eg har ein bachelor i språk og informasjon med fordjuping i engelsk og ein mastergrad i engelsk lingvistikk.

 

 Korleis var det å studere engelsk?

Eg likte litteraturkursa, men merka etter kvart at eg sette meir pris på faga som handla om språket i bruk. På masternivå synest eg kursa var interessante, men eg synest at kursa i det første året på masteren ikkje hang godt nok saman med oppgåveskrivinga det andre året. Eg var nok meir interessert i informasjonsdelen av bachelorgrada mi, men det var ikkje mogleg å gå vidare med det på masternivå.

 

Kva for andre fag har du tatt?

Som ein del av bachelorgrada tok eg mellom anna IKT i humaniora, Praktisk informasjonsarbeid og Bruksspråk og pragmatikk.

 

Kva skreiv du om i masteroppgåva?

I masteroppgåva mi skreiv eg om journalistar og blogging. Eg samanlikna korleis politiske journalistar i Storbritannia uttrykte seg i aviskommentarar og i bloggane sine. Målet var å sjå om journalistane var meir personleg involverte i bloggane sine, sidan bloggsjangeren inviterer til det. Eg fann ein del ting som tyda på det, men resultata var ikkje eintydige.

 

Kva jobbar du med no, og korleis var vegen dit?

No jobbar eg i eit vikariat i kommunikasjonsområdet i Statens pensjonskasse i Oslo. Jobbkarrieren min starta med at eg var i praksis i informasjonsavdelinga i Bergen kommune i faget Praktisk informasjonsarbeid i 2005. Eg fekk etter kvart jobb der, og jobba både under studia og eit par år etterpå. I fjor såg eg utlysinga til jobben som eg har no og synest den såg midt i blinken ut. Eg fekk for meg at det kunne vere spennande å prøve seg i Oslo, og pakka med meg sambuar og tannbørste og flytta på kort varsel.

 

Kva slags arbeidsoppgåver har du, og korleis er din arbeidsdag?

Hovudansvarsområda mine er å vere intranettredaktør, å ha ansvar for den grafiske profilen vår og å delta i klarspråksprosjektet vi har for å forbetre breva og skjema våre. Arbeidsdagane mine er varierte og ganske hektiske. Sidan vi i kommunikasjon er eit støtteområde for resten av organisasjonen, har vi mykje kontakt med dei andre avdelingane. Eg skriv ein del intranettsaker, så då er eg gjerne rundt på huset og pratar med folk eller deltek på arrangement, og redigerer og publiserer saker. Eg brukar også mykje tid på profilen vår og på kontakt med hovudleverandørane innanfor den. Innanfor klarspråksprosjektet blir det gjerne ein diskusjon eller to med fagpersonar eller juridisk om akkurat kor klart språket kan få lov til å vere...

 

Korleis er studiet i engelsk  relevant for jobben din?

Akkurat no brukar eg ikkje engelsken så mykje. Det hender det dukkar opp ei omsetjing eller noko slikt, men elles er det mest språkforståinga eg lærte av engelskfaga som eg har bruk for.

 

 Har du nokon erfaringar eller råd du ønskjer å gi til ein som er interessert i å studere det same som deg?

Eg synest det var kjekt med praksisen i Praktisk informasjonsarbeid og at eg dermed fekk ein fot innanfor arbeidslivet. Eg jobba mykje under studia og det angrar eg ikkje på i dag, då eg merkar at erfaring er viktig under jobbsøkinga. Og det høyrest sikkert sjølvsagt ut, men det er lurt å starte å tenkje på masteroppgåva så tidleg som mogleg. Det siste året går veldig fort...

 

(Tilrettelagt av Marte R. Fjørtoft)

Sist endret: 21.3.2012