Gå til innhold
English A A A

Anne Kristin Eidsvik Overå - Assisterande dagleg leiar på Hotell Geiranger


Anne Kristin Eidsvik Overå har jobba i turistbransjen i nesten heile si yrkesaktive karriere. Ho har master i fransk og mellomfag i tysk og ser det som ein stor føremon å kunne mange språk. Med leiaransvar er arbeidsdagen lang og svært variert, den inneber alt frå administrative oppgåver til hagearbeid.

Ann Kristin Overå har studert fransk ved UiB og jobbar no i turistnæringa i Geiranger.

Anne Kristin Eidsvik Overå har studert fransk ved UiB og jobbar no i turistnæringa i Geiranger. Foto: Privat

Kva grad har du?

Master (hovudfag) i fransk.

 

Korleis var det å studere fransk?     

Eg har alltid vore interessert i Frankrike og fransk som språk, og var jamnt over nøgd med studiet. Vidare set eg pris på at språkstudium òg inneheld mykje samfunnsfag/politikk. Personleg var eg glad for at studiet ikkje var lagt opp med tanke på undervisning som profesjon, men samstundes har det vore lite tips/informasjon om kva ein kan bruke språkstudium til utanom lærar/lektoryrket, då gjerne i kombinasjon med andre fagretningar.

 

Kva for andre fag har du tatt?         

Mellomfag (90 studiepoeng) i tysk og litteraturvitskap. I tillegg har eg tatt nokre fag ved NHH innan ”Ledelse”, ”Organisasjonspsykologi” og ”Kommunikasjon & Dialog”.

 

Kva skreiv du om i masteroppgåva?           

I kva grad Nathalie Sarraute sin sjølvbiografiske roman Enfance var sjølvbiografisk med eventuelt ”ein fiktiv snert”.

 

Kva jobbar du med no, og korleis var vegen dit?   

Mi noverande stilling er assisterande dagleg leiar på eit hotell i ein av dei mest kjende turistplassane i Noreg. (Men eg har planar om å starte ein språk- og aktivitetsskule i Alsace/Frankrike innan relativt kort tid.)  I nesten heile mi yrkeskarriere har eg jobba innan turisme/reiseliv, og det var opphaveleg min tidlegare ”halvdel” som byrja ved dette hotellet.

 

Kva slags arbeidsoppgåver har du, og korleis er din arbeidsdag? 

Når det gjeld arbeidsoppgåver er det stor variasjon: alt frå oppfølging av kontraktar med kundar/turoperatørar og leverandører, booking, tilsetjingar og oppfølging av dei tilsette, interiør, hagearbeid, utarbeiding av menyar, val av vinar, vedlikehald av hotell- og personalbygg og tilsyn av dei ulike avdelingane på hotellet. Mykje administrasjon for å sei det sånn. Min arbeidsdag er lang, og det er ikkje uvanleg med ein 16-18 timar om dagen (7/7) i sesongen, heldigvis noko mindre utanom. Trur det er best at eg nemner at dei ”vanlege” tilsette har vakter som i snitt inneber 7-8 timar om dagen.

 

Korleis er studiet i fransk relevant for jobben din? 

Det å ha studert er på mange måtar relevant uansett kva jobb ein får seinare i livet, men når det er sagt, er det heilt klart eit pré å kunne (mange) språk når ein jobbar innan reiseliv/turisme. Fransk er ein stor fordel sidan franskmenn til vanleg er dårlege i framandspråk. Det er òg ein fordel med god kjennskap til Frankrike og den franske kulturen og levemåten som eit middel for kontaktskaping/relasjonsbygging og for betre mellommenneskelegforståing.

 

Har du nokon erfaringar eller råd du ønskjer å gi til ein som er interessert i å studere det same som deg?       

1) Reis på studietur til det landet/dei landa som du har lyst til å lære språket i. Erasmus-stipend er eit supert tilbod som absolutt bør nyttast.

2)  Kombiner gjerne språkstudia med andre fag, t.d. samanliknande politikk, administrasjon og organisasjon, litteratur vitskap og/eller noko innanfor økonomi, administrasjon, marknadsføring eller jus.

 

(Tilrettelagt av Marte R. Fjørtoft)

Sist endret: 21.3.2012