Ole Kristian Våge - Rådgjevar i Språkrådet
Ole Kristian Våge ville skrive masteroppgåve om eit tema som også var interessant for aktørar utanfor akademia. Oppgåva om lakseoppdrett i Chile vart seinare følgt opp med ein doktorgrad i norsk og spansk fagterminologi i næringa. No har han fått jobb som rådgjevar i norsk terminologi og fagspråk i Språkrådet.
Kva slags grad har du?
Eg har ein mastergrad i spansk språk og latinamerikastudium, og er no i ferd med å sluttføre ein doktorgrad i terminologi.
Korleis var det å studere spansk språk og latinamerikastudium?
Det var spanande, og ikkje minst veldig variert. Eg likte veldig bra den tverrfaglege profilen til faget, med både språk, litteratur og historie. Det gav innblikk i ei meir innfløkt verd enn ”reine” disiplinar kan gjere. Og så var vi ein sosial gjeng saman med mastergradsstudentane på fransk og italiensk, så miljøet var veldig triveleg.
Kva for andre fag har du tatt?
Eg har mellomfag (90 studiepoeng) i religionshistorie frå Universitetet i Oslo, og eit grunnfag (60 studiepoeng) i administrasjon og økonomi frå Universidad de los Andes, Colombia. I tillegg har eg bacheloremna i portugisisk språk frå UiO.
Kva skreiv du om i masteroppgåva?
Då eg byrja på mastergraden likte eg nok best historie-bolken i faget, og det var naturleg for meg å velje eit tema derifrå. Eg var òg temmeleg pragmatisk og ville skrive om eit tema som kunne oppfattast som relevant utanfor akademia. Eg enda difor opp med å skrive om framveksten av chilensk lakseoppdrettsnæring innafor rammene til disiplinen økonomisk historie. Og så gav det jo meg høve til å gjennomføre eit lengre feltarbeid i Chile.
Kva jobbar du med no, og korleis var vegen dit?
Det høyrast kanskje paradoksalt ut med ein bakgrunn i framandspråk, men eg jobbar no som rådgjevar i norsk terminologi og fagspråk i Språkrådet.
Etter mastergraden i spansk underviste eg litt her og der, ved Høgskolen i Bodø, Universitetet i Bergen og Noregs handelshøgskole. Så dukka det opp ei utlysing for eit doktorgradsstipendiat i terminologi ved NHH. Sjølv om eg hadde valt å skrive mastergradsoppgåve innafor økonomisk historie, gav den tverrfaglege ballasten i spanskstudiet meg ein del grunnleggjande verktøy i språkvitskap som gjorde det mogleg å skrive ei prosjektskisse til søknaden. Faktisk var fagmiljøet ved NHH opptatt av kandidatar med ein breiare bakgrunn enn ein reint språkvitskapleg. Og ikkje minst gav den framandspråklege bakgrunnen min eit godt grunnlag for ein kontrastiv analyse mellom norsk og spansk.
Kva slags arbeidsoppgåver har du, og korleis er arbeidsdagen din?
Arbeidsoppgåvene varierer, men er alle i samband med terminologi-spørsmål. Det kan vere å svare på spørsmål frå folk om korleis fagtermar skal skrivast til å arbeide med å utvikle termdatabasar. Nett no held eg på med å omsetje termar i termdatabasen til Universitets- og høgskolerådet (UHR) til nynorsk. Ein termdatabase er eit verkty som tilsette i sektoren kan nytte for å omsetje dokument mellom engelsk og dei to norske målformene. Eg er òg med på terminologisk arbeid i tilknyting teknologiske og andre standardar hos Norsk Standard, i tillegg til å utvikle ein oppdatert termliste innafor IKT-feltet. Dette føregår i tett samarbeid med ekspertar frå dei ulike bransjane, så ein lærer ganske mykje om desse fagfelta. Og så er jo det kjekt å vere med på å diskutere kva nye teknologiske duppedittar skal heite – i den grad dei nye termane får gjennomslag, då.
Korleis er studiet i spansk språk og latinamerikastudium relevant for jobben din?
Studiet i spansk gav meg naudsynte språkvitskaplege verkty som langt på veg er språkovergripande. Mykje av det ein lærer om spansk språk kan jo også nyttast på andre språk, også norsk. Korleis er ord oppbygde på spansk? I kor stor grad vert ord danna annleis på norsk? Mykje av det eg lærde på spanskstudiet har gjeve meg ei aha-oppleving på norsk. Og så har jo utviklinga av analytisk og kritisk tenking frå dei andre emna i litteratur og historie også vore nyttige.
Og så er jo det uansett kjekt å sjå at kunnskapen frå dette studiet vert verdsett av andre enn hispanofilar!
Har du nokon erfaringar eller råd du ønskjer å gi til ein som er interessert i å studere det same som deg?
Ikkje la pensum berre vere noko mellom to permar. Engasjer deg, anten i organisasjonar som arbeider med tema knytt til Latin-Amerika (eller Spania) eller i andre typar aktivitetar, som til dømes omsetjingsarbeid. Eg lærde til dømes mykje av friviljug omsetjingsarbeid for Støttekomitéen for Vest-Sahara. Du utviklar ikkje berre dugleikar, men også eit nettverk som kan verte veldig viktig seinare.
(Tilrettelagt av Marte R. Fjørtoft)
Sist endret: 21.3.2012
- Jobbmuligheter
- Yrkesveier
- Spansk
- Fremmedspråk
- Latin-amerika