Jobbmuligheter med tysk
Tyskland er en av Norges viktigste handelspartnere, og Norge er et populært land blant tyske turister. Reiseliv, markedsføring og eksportrettet næringsliv er derfor svært aktuelle yrkesveier å gå med kompetanse i tysk.
Kandidater med gode tyskkunnskaper har også fått jobb innen skoleverket, offentlig administrasjon, oversettelse, media, kulturformidling, reiseliv og markedsføring, for å nevne noe.
-
Guro Sandnes - Studiekonsulent ved UiB
Guro Sandnes har flytta seg frå lesesal til eige kontor på Institutt for framandspråk. Etter å ha tatt ein master i tysk jobbar ho no som studierettleiar. Ho har mange administrative oppgåver og arbeider tett på studentane. Språkkunnskapane ho har opparbeida seg er viktige, og kjennskapen til tysk og spansk kom til nytte frå første stund.
-
Espen Ingebrigtsen - Stipendiat i tysk ved UiB
Espen kunne nesten ikkje tysk då han byrja å studere ved UiB, men fekk eit språkleg grunnlag gjennom studia som blei styrka gjennom språkkurs og utvekslingsopphald i Tyskland. Gjennom stillinga som stipendiat ved UiB får han framleis dra til Tyskland med jamne mellomrom og er godt nøgd med valet om å jobbe vidare innan akademia.
-
Sigbjørn Ottar Nydal – Lærar
Sigbjørn Ottar Nydal sikta seg for alvor inn på yrket sitt medan han skreiv masteroppgåva i tysk, der han skreiv om læring av tysk språk hjå 8. klassingar. I dag underviser han i fleire av faga han som han studerte, og er nøgd med at han har fått utteljing for alle studieåra i jobben han no har.
-
Stian Aske - Daglig leder i Aske Norsk-Tysk Forretningskommunikasjon
Stian Aske brukte funnene i masteroppgaven han skrev til å starte sitt eget foretak innen norsk-tysk forretningskommunikasjon. Kunnskapen han tilegnet seg gjennom tyskstudiet bidrar til at norske eksportbedrifter gjør suksess i utlandet. Aske er dessuten engasjert i tyskundervisning. I tillegg til å undervise selv er han konsulent i utarbeidelsen av et nytt læreverk i tysk for videregående skole.