Espen Ingebrigtsen - Stipendiat i tysk ved UiB
Espen kunne nesten ikkje tysk då han byrja å studere ved UiB, men fekk eit språkleg grunnlag gjennom studia som blei styrka gjennom språkkurs og utvekslingsopphald i Tyskland. Gjennom stillinga som stipendiat ved UiB får han framleis dra til Tyskland med jamne mellomrom og er godt nøgd med valet om å jobbe vidare innan akademia.
Kva grad har du?
Mastergrad i tysk litteratur, jobbar med ein PhD-grad.
Korleis var det å studere tysk?
Eg kunne knapt tysk då eg byrja å studere, og det tok omtrent eitt semester før eg visste kva eg dreiv med. Det var artig å byrje med grammatikk- og kulturstudier på eit framandspråk, og det var både nyttig og kjekt å dra på språkkurs i Kiel det fyrste semesteret. Etter eitt semester hadde eg lært meg grunntrekka i grammatikken, så då drog eg til Berlin som Erasmus-student. Med eit språkleg grunnlag frå UiB lærte eg raskt å skrive og snakke godt tysk, sjølv om det var ein bratt læringskurve å studere filosofi på tysk. Generelt var det tett program og god oppfølging på bachelorstudiet, med stor fagleg spennvidde. Eg fekk innblikk i eit tverrsnitt av dei humanistiske faga som har vore til stor nytte i seinare studie- og jobbsamanheng. På masterstudiet var kursa mindre og meir fokuserte, og eg kunne jobbe meir sjølvstendig. Dessutan fekk eg eit DAAD-stipend som gjorde at eg kunne jobbe med masteroppgåva i Tyskland. Alt i alt var det mange fordelar med å studere eit relativt lite fag, med tett og god kontakt med dei vitskapeleg tilsette.
Kva for andre fag har du tatt?
60 studiepoeng i allmenn litteraturvitskap, 30 studiepoeng i nordisk språk, 30 studiepoeng i historie, 15 studiepoeng i omsetjing, 60 studiepoeng i praktisk pedagogikk og didaktikk samt 50 frie studiepoeng i filosofi og germanistikk frå FU Berlin.
Kva skreiv du om i masteroppgåva?
Eg skreiv om ironiske funksjonar i forfattarskapen til Ror Wolf, ein samtidsforfattar.
Kva jobbar du med no, og korleis var vegen dit?
Eg er Phd-stipendiat i tysk litteratur på Institutt for framandspråk på UiB, der eg jobbar med ei avhandling om erindring i W. G. Sebald sin forfattarskap. Eg søkte på ei open stipendutlysing på Institutt for framandspråk, og jobba vel omtrent ein månad på fulltid med søknaden. Det tok mykje tid og krefter, men eg er nøgd med å få jobbe vidare innan akademia.
Kva slags arbeidsoppgåver har du, og korleis er din arbeidsdag?
Eg brukar mesteparten av tida på å skrive avhandling, men har òg undervisningsplikt. For tida les eg mykje og skaffar meg eit oversyn over sekundærlitteraturen, og så skriv eg på artiklar som skal verte delar av avhandlinga. Når eg underviser, brukar eg tid på å finne relevant forskingslitteratur og gode innfallsvinklar til pensumlitteraturen, samt tid på å rettleie studentane. Om eg har tid, drar eg gjerne på relevante konferansar eller til relevante arkiv og bibliotek i Tyskland.
Korleis er studiet i tysk relevant for jobben din?
Det er på alle måtar relevant og vesentleg for meg å kunne tysk.
Har du nokon erfaringar eller råd du ønskjer å gi til ein som er interessert i å studere det same som deg?
Gjer det som interesserer deg. Skaff deg mange erfaringar. Bruk faget i andre samanhengar enn berre i studiet. Ver ein aktiv student, og ver med i studentorganisasjonar.
Tilrettelagt av Ingunn Voster
Sist endret: 21.3.2012
- Jobbmuligheter
- Yrkesveier
- Fremmedspråk
- Tysk