Guro Sandnes - Studiekonsulent ved UiB
Guro Sandnes har flytta seg frå lesesal til eige kontor på Institutt for framandspråk. Etter å ha tatt ein master i tysk jobbar ho no som studierettleiar. Ho har mange administrative oppgåver og arbeider tett på studentane. Språkkunnskapane ho har opparbeida seg er viktige, og kjennskapen til tysk og spansk kom til nytte frå første stund.
Kva grad har du?
Eg har ein mastergrad i tysk.
Korleis var det å studere tysk?
Det var veldig kjekt! Gode moglegheiter til utveksling, og ved Universitetet i Bergen er det eit lite, men svært godt fagmiljø. Det var veldig inspirerande førelesarar, synest eg, og interessante emne. Og at vi var få studentar, gjorde kanskje at vi vart tekne ekstra godt vare på.
Kva for andre fag har du tatt?
Eg har fordjuping (90 studiepoeng) i historie og eit årsstudium i spansk.
Kva skreiv du om i masteroppgåva?
Masteroppgåva har tittelen ”Schreiben zwischen zwei Welten”, altså å skrive mellom to verder. Det handlar om sjølvbiografisk skriving, og eg tok for meg ein sveitsisk, ikkje veldig kjend, forfattar som heiter Erica Pedretti, som var tyskspråkleg austeuropear og ein av mange som vart fordrive ut av det som i dag er Tsjekkia etter 2. verdskrig. Gjennom bøkene hennar, der grensa mellom fiksjon og fakta, fortid og notid, er glidande, er det tydeleg at traumatiserte minner dukkar opp i løpet av skriveprosessen. Dette blir svært tydeleg mellom anna gjennom ein utstrakt bruk av stream of conciousness.
Kva jobbar du med no, og korleis var vegen dit?
No er eg studiekonsulent ved Institutt for framandspråk ved Universitetet i Bergen, altså det same instituttet som eg studerte ved. Etter at eg var ferdig med studiet, jobba eg som lærar i eitt år, så reiste eg til Wien, der eg var praktikant ved Den norske ambassaden, og innimellom har eg budd i Oslo og arbeidd som lærar og omsetjar. Så fekk eg jobben her.
Kva slags arbeidsoppgåver har du, og korleis er din arbeidsdag?
Eg er studierettleiar for faga arabisk, tysk, spansk og italiensk, og dei to bachelorprogramma Språk og informasjon og Latinamerikastudiar. I tillegg er det emneplanar, godkjenningssaker og andre administrative oppgåver. Ein dag i veka sit eg bak skranken på Infosenteret HF på Sydnesplassen. Det er svært spennande, og i og med at eg akkurat har starta i stillinga, mykje å setje seg inn i.
Korleis er studiet i tysk relevant for jobben din?
Det er relevant på den måten at eg får jobbe med spørsmål som har med mitt eige fagområde å gjere, sjølv om det er på den administrative sida. Sidan tysk er eit fag som eg har studert og som eg er engasjert i, trur eg at eg har ein stor fordel i studierettleiingssamanheng, ikkje minst med omsyn til internasjonalisering. Til no har eg fått bruk for både tysk og spansk i jobben. Eg har òg kontakt med fagmiljøet på universitetet, noko eg ikkje ser på som ei ulempe.
Har du nokon erfaringar eller råd du ønskjer å gi til ein som er interessert i å studere det same som deg?
Ja! Om ein tar ein master i tysk, har ein den fordelen at ikkje mange andre har den same utdanninga. Eg oppdaga at det er stor etterspurnad etter germanistar til dømes i omsetjingsbransjen. Så eg vil absolutt anbefale studentar å ta det. Tenk òg fagkombinasjon med tanke på framtidig yrke, vel fag som er matnyttige. Om ein vil ha jobb i næringslivet, så kombiner med økonomi, vil ein inn i diplomatiet, kombiner gjerne med samanliknande politikk eller jus, osb.
(Tilrettelagt av Marte R. Fjørtoft)
Sist endret: 21.3.2012
- Jobbmuligheter
- Yrkesveier
- Fremmedspråk
- Utdanningsadministrasjonen
- Tysk