Sigbjørn Ottar Nydal – Lærar
Sigbjørn Ottar Nydal sikta seg for alvor inn på yrket sitt medan han skreiv masteroppgåva i tysk, der han skreiv om læring av tysk språk hjå 8. klassingar. I dag underviser han i fleire av faga han som han studerte, og er nøgd med at han har fått utteljing for alle studieåra i jobben han no har.
Kva grad har du?
Eg har mastergrad i tysk frå UiB.
Korleis var det å studera tysk?
Eg likte det godt. Eg er og var mest interessert i lingvistikkdelen av faget – korleis språket er oppbygd og korleis det også skil seg frå norsk eller liknar på norsk. Førelesarane er kunnskapsrike og alltid klare til å svare på spørsmål.
Litteraturdelen var ikkje like interessant for meg, men eg meiner ikkje med det at han var uinteressant. Kulturinnhaldet i han synest eg er viktig og kjekt å få med seg og litteratur er jo også språk og språkoppbygging.
Kva andre fag har du tatt?
Eg har teke engelsk ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (Sogndal) og i York, musikk ved Høgskulen i Bergen samt PPU og eit poststudieår med spansk på UiB.
Kva skreiv du om i masteroppgåva?
Eg skreiv om læring av regelmessige presensendingar i tysk hos 8. klassingar – dei aller ferskaste altså. Oppgåva hadde med andre ord ei didaktisk tilnærming.
Kva jobbar du med no, og korleis var vegen dit?
Eg var heldig og fekk napp på andre jobbsøknaden eg sendte medan eg brukte poststudieretten min. Så vegen har ikkje vore så lang om ein ser bort frå alle studieåra mine.
No jobbar eg som lærar i ungdomsskulen. Der har eg tysk på alle trinna. I tillegg har eg engelsk, musikk og RLE på tiande trinnet.
Kva arbeidsoppgåver har du, og korleis er din arbeidsdag?
Arbeidsoppgåvene er undervisning og alt det administrative som følgjer med det å vere lærar: fråversføring, uteteneste («inspeksjon»), vurdering og dokumentering av dette, trinnmøte, pedagogiske møte og så vidare. Eg har omlag 3-4 klokketimar undervisning kvar dag. Desse timane må førebuast og det tek tid. Gjennomsnittleg arbeidstid i undervisningsvekene er 43 timar.
Korleis er studiet i tysk relevant for jobben din?
Eg underviser i tysk i tillegg til to andre fag eg har studert. Slik sett er studiet direkte relevant for min jobb.
Har du nokre røynsler eller råd du ønskjer å gje til ein som er interessert i å studere det same som deg?
Tja, studer noko som interesserer deg. Det er også viktig med eit godt miljø i gruppa som studerer det eventuelle faget. Mange av vennene mine her i Bergen har eg fått direkte eller indirekte gjennom tysken.
Tilrettelagt av Ingunn Voster
Sist endret: 21.3.2012
- Yrkesveier
- Jobbmuligheter
- Fremmedspråk
- Tysk