Grunnlagsproblem i samfunnsmedisin og helsefag
Ein unik emneserie om vitskapsteoretiske og vitskapshistoriske tema. Gjev innsikt i og skapar forståing for faga sine særpreg og kultur.
Gjennom kritisk lesing av tekstar og i dialog mellom studentar og lærarar, tek vi opp aktuelle spørsmål for så vel samfunnsmedisinsk som helsefagleg forsking. Emneserien går over to år, med eit to-dagars seminar kvart semester. Seminara byggjer ikkje på kvarandre, så du kan "hoppe på" kva seminar du vil, utan å ha vore med på dei som har gått føre. Kvart emne (to dagar) gjev 2 studiepoeng.
Følgjande emne går inn i serien
[MEDGRSAM1] HAUST
Dag 1. Kva er samfunnsmedisin og helsefag? Her set vi søkjelyset på den historiske bakgrunnen til samfunnsmedisinen og helsefaga, deira teoretiske og metodiske særpreg, og utfordringar i tida som kjem. Ansvarleg: Aina Schiøtz, professor i medisinsk historie.
Dag 2. Dilemma i førebyggjande helsearbeid. Her rettar vi eit kritisk blikk på teoriar, strategiar og roller i det førebyggjande og helsefremmande arbeidet. Makt er eit sentralt tema, men òg etikk, prioriteringar og val vert diskutert. Ansvarleg: John Gunnar Mæland, professor i sosialmedisin.
[MEDGRSAM2] VÅR
Dag 1. Helse, funksjon og livskvalitet. Her set vi søkjelyset på helse, funksjon og livskvalitet – dei historiske røtene til omgrepa, korleis dei vert nytta i praksis og vitskapelege definisjonar – med stort rom for diskusjon, gruppearbeid og samtalar. Ansvarleg: John Gunnar Mæland, professor i sosialmedisin
Dag 2. Sjukdom, liding og normalitet. Spørsmål vi stiller er: Kva er sjukdom, liding og normalitet? Dersom sjukdom vert konstruert i sosiale og språklige fellesskap, kvar for følgjer får det for forsking på sjukdom? Kva tyder lidingsaspektet ved sjukdom, og kva slags plass bør det ha i samfunnsmedisinsk forsking? Korleis skal vi forstå normalitet? Ansvarleg: Eivind Meland, professor i allmennmedisin.
[MEDGRSAM3] HAUST
Dag 1. Risiko, sannsyn og kausalitet. Her presenterer og diskuterer vi nyare kausalitetsrørsler innanfor statistikken, kvantespranget frå epidemiologi til individuell risiko, og det usikre. Ansvarleg: Anne Kjersti Daltveit, professor i epidemiologi.
Dag 2. Kunnskap og kunnskapsteori. Her diskuterer vi ulike forståingsformer og tenkjemåtar innanfor biomedisinsk og naturvitskapeleg orientert medisin og helsefag versus den humanistiske og samfunnsorienterte medisinen og helseforskinga. Med utgangspunkt i døme frå forskingslitteraturen isceneset vi møte mellom "dei to kulturane”. Ansvarleg: Roger Strand, professor, Senter for vitskapsteori.
[MEDGRSAM4] VÅR
Dag 1. Omsorg, behandling og ulikskap. Her diskuterer vi korleis sosial og kulturell ulikskap verkar inn på omsorgs- og behandlingstilboda. Sosial ulikskap i helse, nasjonalt og globalt, og helseøkonomiske prinsipp, vert òg handsama. Ansvarleg: professor Guri Rørtveit, professor i allmennmedisin.
Dag 2. Kjønn i medisinsk forsking og praksis. Sentrale kjønnsteoriar i humaniora og samfunnsvitskap, og korleis kjønn vert handsama i medisinsk forsking og praksis, er tema denne dagen. Ansvarlege: Ellen Mortensen, professor, Senter for kvinne- og kjønnsforsking, og Kirsti Malterud, professor i allmennmedisin.
[MEDGRSAMESSA]
Studentseminar. Deltakarane på emneserien vert oppmoda til å skrive eit essay (ca. 15 sider), der dei kritisk vurderer ph.d.-avhandlinga si i lys av eitt eller fleire av emna i serien. Essayet kan til dømes vere ein del av kappa eller utkast til eit teorikapittel. Deltakarane får tilsendt kvarandre sine tekstar før seminaret, og får i oppdrag å vere opponentar. Deltaking med innsendt essay gjev 1 studiepoeng. Studentseminar vert arrangert i slutten av kvart semester.
Sist endret: 21.3.2012